Vurderer oppstart av arbeidet med kommuneplanen

Fellesnemnda vedtok i dag å be prosjektrådmannen å leggja fram ei sak som vurderer om det er mogleg å starta opp arbeidet med grunnlaget for samfunnsdelen av kommuneplanen.

Muntert rundt bordet i fellesnemnda. Frå venstre; Kari-Anne Landro (ordførar i Sund), Rune lid (prosjektrådmann), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden og leiar av fellesnemnda).

Prosjektrådmannen hadde innstilt på å starta arbeidet med den nye kommuneplanen, både arealdelen med føresegner og samfunnsdelen, tidleg i 2020. Etter ein lengre debatt slutta fellesnemnda seg til forslaget om å starta arbeidet med arealdelen til kommuneplanen tidleg i 2020, men at ein allereie no vurderer å starta opp arbeidet med grunnlaget for samfunnsdelen. Prosjektrådmannen skal koma tilbake med ei sak der dette vert vurdert.

Fellesnemnda vedtok framdriftsplan for prosessen med planstrategi i den nye kommunen, inkludert planprogram til kommuneplanen

Styringsdokument

Fellesnemnda godkjende styringsdokument for administrativ prosjektorganisering. Dette dokumentet byggjer på intensjonsavtalen der visjon og målsetjingar for den nye kommunen er definerte. Styringsdokumentet viser korleis prosjektet er organisert og dimensjonert og utgjer kontrakten mellom fellesnemnda og prosjektrådmannen. Dokumentet gjer mellom anna greie for delegeringa til prosjektrådmannen. Saker av politisk og prinsipiell karakter skal alltid leggjast fram for fellesnemnda til avgjerd.

Ordførarkjede

Fellesnemnda vedtok å gje utval for politisk styringsstruktur som tilleggsoppgåve å utarbeida forslag til ordførarkjede for Nye Øygarden kommune. Forslaget skal leggjast fram til endeleg avgjerd i fellesnemnda. Ordførarkjeda skal vera klar til bruk frå første januar 2020.

Det er avgjort at kommunevåpenet til Sund skal nyttast i den nye kommunen. Ordførarkjeda til Sund har symbol frå Sund kommune lokalt og er ikkje dekkjande for den nye kommunen. I saksutgreiinga skriv prosjektrådmannen at ei ny ordførarkjede må ta utgangspunkt i kommunevåpenet for den nye kommunen, men også ha symbol som er dekkjande for heile den nye kommunen.

Oppfølging av inndelingslova

Ei sak om oppfølging av inndelingslova knytt til kontrollutval og andre råd og utval vart utsett. Saka kjem tilbake til fellesnemnda med innstilling til vedtak.

Tilsetjing av ny rådmann nærmar seg

Leiar av fellesnemnda Børge Haugetun orienterte om status for arbeidet med å tilsetja rådmann for Nye Øygarden kommune. Denne veka vert det gjennomført intervju av fem kandidatar, eín intern og fire eksterne.

– Me bør løysa dette med dei kandidatane vi har til rådmannsstillinga. Eg reknar med at rådmannen vert tilsett i november, sa Børge Haugetun.

Spørsmål frå medlemer i fellesnemnda

Leiar av utval for politisk styringsgruppe, Marianne Sandahl Bjorøy, stilte spørsmål om hennar utval skal utarbeida ein opplæringsplan for kommunestyremedlemer i Nye Øygarden kommune. Opplæringa vil i tilfelle starta opp straks etter at det nye kommunestyret er valt i september 2019. Fellesnemnda gav tilslutnad til at utvalet får i oppdrag om å utarbeida forslag til opplæringsplan for dei folkevalde i den nye kommunen.

Anita Garlid Johannessen stilte spørsmål om fellesnemnda skulle engasjera seg i debatten i lokalpressa, mellom anna knytt til namn på kommunen. I ordskiftet i fellesnemnda vart det vist til at arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet arbeider med tiltak som skal engasjera innbyggjarane. Andre medlemer i fellesnemnda viste til at det kan verta aktuelt å oppretta eit oppgåveutval som er samansett av både politikarar og innbyggjarar som ikkje er folkevalde.

Leiar i fellesnemnda, Børge Haugetun, sa at han registrerte debatten i lokalpressa, men viste til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som den 19. desember 2017 fastsette namnet på den nye kommunen til Øygarden kommune. Han stilte spørsmål om det er rett å engasjera seg i ein debatt som ikkje kan endra avgjerda om namnet på den nye kommunen.

Frå møtet i dag

66 søkjarar til kommunalsjefstillingane

Prosjektrådmann Rune Lid opplyste at det har meldt seg 66 søkjarar til dei fire kommunalsjefstillingane; Helse og velferd (7), Oppvekst (17), Kultur og samfunn (16) og Organisasjon og digitalisering (26). Ein del av søkjarane har bedt om at søknaden deira vert unnateken offentlegheit, og det kan ta noko tid før den endelege søkjarlista er klar. Det vert lagt til rette for at den nye rådmannen kan vera med i prosessen med å tilsetja kommunalsjefane. Søkjarlista vert offentleg om kort tid.

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte om status for det administrative arbeidet med å byggja den nye kommunen. I arbeidet med den administrative prosjektorganiseringa er det oppretta ei overordna styringsgruppe som Rune Lid karakteriserte som «hjernen» prosjektarbeidet. Det er oppretta fem prosjektgrupper fordelt på dei fem kommunalsjefområda. Under kvart prosjektområde vert det etablert ei rekkje delprosjekt. Det er utarbeidd styringsdokument for den administrative prosjektorganiseringa (godkjent av fellesnemnda i dag) og mandat for dei fem prosjektgruppene. Det skal utarbeidast ei sak som omhandlar frigjering av ressursar til prosjektarbeidet. Den 22. oktober vert det eit arbeidsseminar i Sund for deltakarane i overordna styringsgruppe og prosjektgruppene.

Rune Lid informerte også om status i arbeidet med å fusjonera Sund vatn og avlaup AS og FjellVAR AS og økonomisk status for prosjektorganisasjonen.

– Vi har ei robust prosjektorganisering. Det vert lagt vekt på at dei ulike prosjekta har nok kraft og ressursar til å utføra oppgåvene, sa Rune Lid.  Fleire medlemer i fellesnemnda gav uttrykk for at dei var glade for at prosjektorganisasjonen med prosjektgruppene no var etablerte.

Sjå opptak frå møtet her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke