Vil sikra ein god samanslåingsprosess

Fellesnemnda drøfta på møtet måndag denne veka korleis ein skal sikra ein god samanslåingsprosess for Nye Øygarden kommune.

Frå møtet den 20. november.

I saka som prosjektleiaren presenterte for nemnda, går det fram at Nye Øygarden kommune skal arbeida etter den føreslåtte modellen; effektmål, resultatmål og suksesskriterium. Etter drøftinga i møtet vart det vedteke at nokre formuleringar vert omarbeidde og at det vert sett opp ei skjematisk oppstilling som viser kva mål som er oppnådde og kva det skal arbeidast vidare med. Saka vert lagt fram for fellesnemnda igjen den 22. januar.

Røynslene frå andre kommunar som arbeider med å danna ein ny kommune viser at det er enkelte sentrale suksesskriterium som må vera til stades for at samanslåingsprosessen skal verta vellukka. I saksutgreiinga er det lista opp seks område for suksesskriteria. Det er til dømes viktig å etablera ein kompetent organisasjonskultur, endringsleiing, involvering/ kommunikasjon og innovasjon.

Identitét og samspel mellom innbyggjarane

Fellesnemnda vedtok å setja ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida med identitetsbygging og samspel mellom innbyggjarane i kommunane i utviklinga av lokaldemokratiet. Arbeidsgruppa vert samansett av Tom Georg Indrevik (Fjell), Silvia Haugland (Øygarden) og Kim Dale Eide (Sund) med Anderas Sjalg Unneland (Fjell), Aud Karin Oen (Øygarden) og Elizabeth Toft Erichsen som personlege varamedlemer. Arbeidsgruppa konstituerer seg sjølv. To representantar i fellesnemnda gav uttrykk for at dei i dette tilfellet sakna informasjon om arbeidet i valnemnda.

I saksutgreiinga går det fram at i dette arbeidet skal det sikrast at grupper og interesser vert høyrde, og samstundes skal ein bidra til å skapa identitet til den nye kommunen. Døme på målgrupper som det vert retta tiltak mot, er barn/ungdom, nye innbyggjarar, eldre og frivillige. Tema og tiltak kan vera språkform, folkehelse, arrangement, samarbeid med lag og organisasjonar.

Andre saker til møtet i fellesnemnda den 20. november

  • Rutinar for behandling av spørsmål til fellesnemnda
    Fellesnemnda godkjende skisse til rutinar for dette. Spørsmål skal sendast inn skriftleg innan onsdag før møtet i fellesnemnda.
  • Møtegodtgjersle for politisk valde medlemmer i arbeidsutval
    Framlegget til godtgjersle vart vedteke. Det vert utbetalt ei godtgjersle på 950 kroner pr. møte til folkevalde medlemer i arbeidsutval sett ned av fellesnemnda.
  • Arkiv og sakssystem for prosjektorganisasjonen Nye Øygarden kommune
    Fellesnemnda godkjende at Fjell kommune er vertskommune for arkiv og sakssystem for Nye Øygarden kommune i prosjektperioden og at arkivleiar i Fjell får ansvaret for arkivet.
  • Ny matrikkel i Nye Øygarden kommune – oppgåver og mandat for arbeidet
    Det vart vedteke at det vert sett i gang eit arbeid med å etablera eit nytt felles system av eigedomsinformasjon/gardsnummer for Nye Øygarden kommune. Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom og inkluderer mellom anna bygningar, bustader og adresser.
  • Milepelsplan for prosjekt Nye Øygarden kommune
    Milepelsplanen vert oppdatert undervegs og lagt fram for kvart møte i fellesnemnda. Fellesnemnda tok endringane i planen og endringar lagt fram i møtet til orientering.
  • Møteplan for fellesnemnda og partssamansett utval for 2018
    Møteplanen vart godkjent. Møtet i partssamansett utval vart endra frå 9. til 2. oktober 2018. I tillegg til møta i fellesnemnda og partssamansett utval, skal ein føra inn møtedatoar for andre utval sett ned av fellesnemnda.
Frå venstre; Kari-Anne Landro, Kjell Arve Vorland, Marianne Sandahl Bjorøy og Silvia Haugland.

Leiar i fellesnemnda, Kari-Anne Landro, orienterte om at Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fastsett nye kommune- og fylkesnummer for nye kommunar frå januar 2020. Kommunenummeret for Nye Øygarden kommune vert 4626.

Tekst og foto: Vigleik Brekke