Vil involvera innbyggjarane

Tysdag denne veka var arbeidsgruppa som skal arbeida med lokaldemokrati og identitet, samla til sitt første møte. Arbeidsgruppa konstituerte seg med Tom Georg Indrevik som leiar og Christel Møvik-Olsen som nestleiar.

Tysdag denne veka hadde utvalet sitt første møte. Frå venstre; Laila Klemetsaune, Silvia Haugland, Kim Dale Eide, Paul J. Manger (prosjektleiar), Christel Møvik-Olsen. Lennart Fjell og Tom Georg Indrevik.

 

Indrevik er optimistisk etter det første møtet.

– Denne arbeidsgruppa er viktig for å skapa felles identitet saman med frivillige organisasjonar, tilsette og andre som har ambisjonar for den nye kommunen, seier leiaren av arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa er samansett av tre politikarar og tre kulturleiarar. Dei politisk utnemnde er Kim Dale Eide frå Sund, Silvia Haugland frå Øygarden og Tom Georg Indrevik frå Fjell. I tillegg er kulturleiar i Sund, Laila Klemetsaune, kulturleiar i Øygarden Christel Møvik-Olsen og kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, med i arbeidsgruppa.

I drøftinga vart det presisert at det er utval for politisk styringsstruktur som skal arbeida med den politiske organiseringa. Denne arbeidsgruppa (lokaldemokrati og identitet) skal leggja vekt på medverknad frå innbyggjarane og identitetsskapande arbeid.

Tema i drøftinga var mellom anna involvering av den frivillige sektoren, tiltak særleg retta mot nærmiljøet i grendene, korleis ein kan engasjera ungdom som til dømes MOT, merkevarebygging, retorikk, felles arrangement og tiltak, bruk av biblioteka og å sjå tiltaka opp mot intensjonsavtalen og kommunikasjonsplanen.

Det vart konkludert med at prosjektleiar legg fram ei drøftingssak med spørsmål/problemstillinga knytt til arbeidet til arbeidsgruppa for fellesnemnda den 11. desember. På bakgrunn av drøftinga i fellesnemnda utarbeider arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet eit framlegg til mandat som vert lagt for behandling i fellesnemnda den 22. januar. I saka vert det også lagt fram eit budsjett for arbeidet i arbeidsgruppa.

Neste møte i arbeidsgruppa vert tysdag den 19. desember kl. 08.30.

Om kort tid vert det lagt ut referat frå møtet på nettsida til Nye Øygarden kommune.

Tekst og foto: Vigleik Brekke