Vil involvera dei frivillige

Arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i Nye Øygarden kommune  har møtt representantar både i Øygaren og Sund denne og sist veke. I Øygarden var det samling den 7. mars, medan møtet med dei representantar for dei frivillige Sund var 12. mars.

Frå møtet i Øygarden i sist veke.

Leiar av arbeidsgruppa Tom Georg Indrevik er godt nøgd med møtet i Øygarden. Han er oppteken av å involvera det frivillige arbeidet i arbeidet med å byggja ein ny kommune.

– Vi utfordrar lag og organisasjonar til å koma med forslag til aktivitetar som kan knytast opp mot arbeidet med å skapa ein identitet til den nye kommunen. Det kan vera klokt å byggja på aktivitetar laga og organisasjonane gjer i dag og koma med nye innspel. Vi inviterer til ein dugnad for å skapa ein god identitet for Nye Øygarden kommune, seier Indrevik.

På møtet i går presenterte Indrevik mandatet for arbeidsgruppa. Målet er å skapa ei god heilskapleg vi-kjensle i Nye Øygarden kommune og mobilisera engasjement hjå befolkninga, dei tilsette, lag og organisasjonar.

Meld inn innspel her

 

God start på frivilligsamlingar

Dette er det første av tre frivilligsamlingar i regionen. Også kulturleiar i Øygarden, Christel Møvik-Olsen er godt nøgd med møtet i går der rundt 20 representantar frå lag, organisasjonar, FAU og velforeiningar møtte opp.

– Eg opplevde dette som eit positivt møte. No kan lag og organisasjonar via nettsida til Nye Øygarden kommune melda inn både forslag til nye tiltak og eksisterande arrangement som kan knytast opp mot den nye kommunen, seier Møvik-Olsen

Den 12. mars vert det frivilligsamling i Sund. I Fjell vert det invitert til samling den 22. mars.

Den 6. juni vert det også kalla inn til eit møte for frivillige lag som arbeider med friluftsliv. Då vil ein mellom anna ta opp spørsmålet om felles kystpass for 2019. Dette møtet vert halde på Hissøyna.

Meld inn forslag til aktivitetar!

Gjennom profilen «Øygarden 2020» sikrar ein fellesprofilering og strategisk bruk av omdømebygging. På nettsida til Nye Øygarden kommune er det laga til elektronisk skjema der lag og organisasjonar frå alle dei tre kommunane kan melda inn forslag og innspel til arbeidsgruppa.

Meld inn innspel her

Møtet i Øygarden i går var den årlege samlinga kulturavdelinga inviterer til. I tillegg til å snakka om lokaldemokrati og identitet knytt til Nye Øygarden kommune var det informasjon om tilskotsordningar. Bergen og Omland Friluftsråd og FjellVAR orienterte om innsamlinga av plast i strandsona.

Samling i Sund

36  personar møtte opp på frivilligforum i Sund måndag kveld (12.03.). Ordførar Kari-Anne Landro, som også leiar fellesnemnda for Nye Øygarden kommune, seier at Sund kommune har underteikna ei frivilligerklæring saman med Sund idrettsråd og Folkeakademiet. Ein konsekvens av erklæringa er at det vert arrangert to frivilligforum i året. På møtet orieterte Tom Georg Indrevik om arbeidet til arbeidsgruppa for demokrati og identitet, medan Landro gav generell informasjon om arbeidet med Nye Øygarden kommune. Kulturleiar i Sund, Laila Klemetsaune og Vivian Steinsland gav dei frammøtte ei musikalsk oppleving i form av havpop.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Christel Møvik-Olsen og Kari-Anne Landro

Her er bilete frå samlinga i Sund

Laila Klemetsaune og Vivian Steinsland

 

Leiar i idrettsrådet i Sund: Ronny Kausland.
Leiar for saksgruppe levekår og nærmiljø i Sund kommune Robert Kaupang Sæle og Sund kommune sitt medlem i lokaldemokrati og identitet Kim Dale Eide.