– Vi må våga å omstilla oss!

Statsminister Erna Solberg talte til 300 deltakarar på Øygardenkonferansen på fredag. Ho meiner det er fantastiske moglegheiter for den nye kommunen.
– Men vi må våga omstillinga, var bodskapen frå statsministeren.

Statsminister Erna Solberg

Det var rekordoppslutnad om Øygardenkonferansen dette året. Det handla om den nye kommunen, framtidsretta energiløysingar, berekraftig utvikling, fiskeri og havbruk, arbeidsplassar og kva «Noreg skal leva av framover» som var temaet til statsministeren.

– Eg er siker på at strilar klarer omstillinga, sa Solberg og inkluderte innflytta bergensarar blant dei som skal ta tak i den framtidige utviklinga i regionen vår.

Ho viste til at det er gode tider, men at det samstundes er faretruande skyer i horisonten. Ho meiner det er mogleg å kombinera økonomisk vekst med redusert utslepp.

– Framtida krev vesentleg meir gründerskap, og vi må våga å omstilla oss. Ein aldrande befolkning set press på finansieringa, og vi må frigjera administrasjon for å få fleire hender, sa statsministeren. Ho var tydeleg på at ho har tru på denne regionen og viste til fleire døme på område der denne regionen har lukkast. Ho gav også ros for prosjektet «Elev i Nye Øygarden» der elevane er engasjerte i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

Konferansen starta fredag føremiddag med at ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, og ordførar for Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, gav status for arbeidet med å byggja den nye kommunen. Dei viste to videoar der førsteklassingen Nora på Landro skule og ungdomsskuleleven Emma frå Glesnes snakka om framtida i den nye kommunen.

Det vart også tid til samtale i pausane.

– Vi ønskjer at Nora og dei andre barna og unge skal oppleva at det vil verta godt å leva i den nye kommunen, sa Landro.

Tom Georg Indrevik snakka mellom anna om Sotrasambandet og lagring av CO2.

– Sotrasambandet  kjem, lova Indrevik. Han understreka også at vi ikkje kan la vera å bruka moglegheiten for lagring av C02 slik det er vert lagt til rette for det planlagte CO2-mottaksanlegget på Kollsnes.

Olje og gass

Irene Rummelhoff i Equinor forsvarte olje- og gassproduksjonen til Noreg. Under halvparten av olje- og gassressursane er produsert.

– Gassen frå Kollsnes er ein viktig del av klimaløysinga for Europa. Vi byttar då ut kolkraft. Øygarden kjem i sentrum for spennande nye verdikjedar, sa direktøren i Equinor. Ho minna også om at det aukande etterspurnad etter å lagra CO2.  Ho var ikkje snauare enn å seia at det er strilen som skapar framtidas energiløysingar.

Førsteamanuensis på Norges Miljø- og biovitenskaplege universitet og doktor og arkitektur, Erling Dokk Holm, sa at vi må ha høgt nivå på arkitektur. Det må konkurrerast på kvalitet. Han var skeptisk til å spreia busetnaden, og var tydeleg på at bustader i sentrumsområda er viktig.

– Det passar med demografien og det gjev kjøpekraft. Det er god økonomi å få eldre over i husvære (leilegheiter). Dette bidreg til auka omsetnad av einebustader utanfor sentrum, meinte Dokk Holm.

Frå debatten.

Vil jobba verdibasert

Divisjonsdirektør i DNB, Roger Antonsen, snakka om berekraft som ein del av bank og business.

– Fleire og fleire ønskjer å jobba verdibasert. Dei 17 berekraftmåla til FN vert ein stadig større del av det som det vert snakka om p styreromma, sa Antonsen.

Det var også innlegg ved programleiar og forfattar Arne Hjeltnes, kundeansvarleg Holberg Fondene, Hogne Inge Tyssøy, og investor og fiskebåtreiar Peder O. Lie.

Tyssøy viste til at vi har 100 milliardar kroner i årlege eksportinntekter frå sjømat. Peder O. Lie sa at det er næring nok i havet til å dekka behovet for den forventa kraftige folkeveksten på verdsbasis.

Sparebanken delte ut 750 tusen kroner til bedrifter og prosjekt. Museum Vest Nordsjøfartsmuset, Torvald Bakke´s  snekkerbu, Vestkantsvømmerne og Energimessa fekk kvar sine 50 tusen kroner. Hengjo (Hellesøy), Salmoncuts og DiaKom fekk kvar sine 100 tusen kroner pluss 25 tusen kroner til profileringsvideo

Her er fleire bilete frå konferansen: