Vedtok etiske retningslinjer

Kommunestyret i Nye Øygarden vedtok i dag etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i den nye kommunen. I retningslinjene er det teke inn eit ekstra avsnitt om seksuell trakassering.

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy, engasjerte seg sterkt i debatten om godtgjersle til dei folkevalde.

Utval for politisk styringsstruktur har sidan januar 2018 arbeidd med etiske retningslinjer. Det er teke utgangspunkt i retningslinjene til Sund kommune, men også dei etiske retningslinjene til Øygarden og Fjell har vore ein viktig del av drøftingane. Etter framlegg frå rådmannen, vart det vedteke å synleggjera temaet om seksuell trakassering. I dei vedtekne retningslinjene står det mellom anna at i «Øygarden kommune er det null toleranse for seksuell trakassering, og det vert ikkje tolerert at tilsette eller folkevalde vert utsette for, eller utøver slik maktmisbruk.

Rådmannen vert kommunedirektør

Med 26 mot 19 røyster vedtok kommunestyret at tittellen til rådmannen skal endrast til kommunedirektør. Vedtaket vart gjort under behandlinga av saka om politisk delegeringsreglement. Dermed får Rune Lid frå dags dato tittelen kommunedirektør. Kommunestyret vedtok elles framlegget til politisk delegeringsreglement med nokre mindre endringar. I retningslinjene vert det mellom anna slått fast at dei folkevalde ikkje skal ta avgjerd i enkeltsaker, med unnatak av enkeltvedtak av prinsipiell karakter. Dersom det er uklart om ei sak er prinsipiell eller kurant, skal kommunedirektøren avklara dette med ordførar.

Rune Lid, presenterte hovudlinjene i budsjettet for 2020. Etter vedtak i kommunestyret på torsdag, skifta han tittel frå rådmann til kommunaldirektør for den nye kommunen.

Debatt om godtgjersle

Den mest engasjerte debatten i kommunestyret denne kvelden var saka om økonomiske vilkår for folkevalde for perioden 2019 til 2023. Posisjonspartia Høgre, FrP, KrF, Sotralista og Venstre føreslo å auka godtgjersla for fleire av verva i forhold til det fellesnemnda vedtok i sluttrapport for politisk styringsstruktur. Dette framlegget vart vedteke med 24 røyster. Arbeidarpartiet og andre opposisjonsparti var kritiske til dette og røysta imot å auka godtgjersla. Vedtaket inneber at godtgjersla til ordførar vert 100 prosent av løn for stortingsrepresentant (som innstilt), medan varaordførar får 49 prosent av løna til ordføraren. Leiar av utvala får 30 prosent av ordførarløna, medan nesteleiarane i utvala får 15 prosent. Det vart mellom anna vedteke at medlemene i formannskapet og hovudutval får ei fast godtgjersle tilsvarande åtte prosent av ordførarløna. Det vart vedteke at leiar av kontrollutvalet får åtte prosent av ordførarløna.

Raudt fekk tre røyster på eit forslag om at ordførarløna skulle vera 87 prosent av løna til stortingsrepresentant. Fire kommunestyremedlemer røysta for at leiar av kontrollutvalet skulle få auka godtgjersla frå åtte til 20 prosent av ordførarløna.

Reglement for folkevalde organ

Kommunestyret godekjende reglement for folkevalde organ med nokre endringar. Det vart samrøystes lagt til at det skal leggjast til rette for teleslynganlegg i alle møterom der det går føre seg offentlege møte. I det vedteke reglementet for folkevalde organ går det mellom anna fram at alle møte i dei tre utvala skal haldast på onsdagar mellom klokka 14 og 19. Utval for tenester og levekår og utval for samfunnsutvikling vert halde på onsdagar, medan utval for plan vert halde på torsdagar. Dersom ikkje særlege forhold tilseier det, vert kommunestyremøta avvikla på torsdagar, medan formannskapsmøta vert haldne på tysdagar.

Styringsstruktur for MOT

Kommunestyret slutta seg til framlegget til styringsstruktur for MOT-arbeidet i den nye kommunen. Det innebér at MOT skal leiast på eit overordna plan av eit styre samansett av ordførar, MOT-koordinator frå kommunalsjefområdet Kultur og samfunn, kommunalsjef for Oppvekst, MOT-manager, MOT-coach og rektorane på dei fire kommunale ungdomsskulane. Arbeidarpartiet fekk med seg heile kommunestyret på eit framlegg om eit ekstrapunkt om at også ein MOT-coach frå kvar av dei fire ungdomsskulane skal delta i styret.

regionleiar i MOT, Regina Njåstad Vestrheim orienterte om MOT.

Vedtok nynorsk som administrasjonsspråk

Kommunestyret vedtok samrøystes å godkjenna språkbruksplanen slik han ligg føre. Det inneber at nynorsk vert administrasjonsspråket for den nye kommunen og at Nye Øygarden kommune vert medlem av Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Språkbruksplanen er tilpassa den språklege situasjonen i dag som er prega av sterk påverknad frå media og omfattande bruk av digitale plattformer. Alle dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden, har i dag nynorsk som administrasjonsspråk. I planen vert det vist til at det er ei nær samanheng mellom språk, identitet og kultur.

Harmoniserer satsane for økonomisk sosialhjelp

Det var vedteke å harmonisera satsane for økonomisk sosialhjelp. Einslege utan barn får 6 150 kroner pr. månad frå 2020, medan ektepar/sambuarar får 10 250 kroner pr. månad.  Barnetrygd vert halden utanfor ved utrekninga, medan andre inntekter vert medrekna. Satsane skal regulerast i samsvar med konsumprisindeksen.

Det vart også vedteke satsar til personar som deler hushald og for barn. Den nye kommunen skal følgja dei statlege rettleiande retningslinjene når det gjeld satsar for utmåling av økonomisk sosialhjelp. Konkret vart det difor vedteke å auka satsane for barn i alderen seks til 10 år til 3 100 kroner pr. månad og til fire tusen kroner for barn i alderen 11 til 17 år. Det vert ikkje gjeve barnetillegg frå barn nummer fire.

MDG, KrF, Raudt og SV føreslo at det skal ytast stønad for alle barn tilsvarande alder i samsvar med satsane til staten. Dette forslaget fekk 11 røyster og fall.

Diverse val

Det vart gjennomført fleire val til utval og råd.

Administrasjonsutval

Administrasjonsutvalet vert samansett av Tom Georg Indrevik (H, leiar),  Torill Selsvold Nyborg (KrF, nestleiar), Espen Harkestad (Ap) og Anita Skjold Hellesø (Sp). Organisasjonane til dei tilsette vert inviterte til å velja to medlemer med varamedlemer for to år om gongen.

Eldreråd

Svein Olaf Drageland, Marit Karin Schmidt Lie, Sverre Lorentz Bungum, Turid Kahrs, Arne Magne Herdlevær og Johnny Eide. Politiske representantar vert John Kjell Fjeld, Berit Anita Larsen og Vigdis James.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Enrid Andersen (FFO), Britt-Marikon Nonos (FFO), Gunnar Angeltveit (FFO), Frode Solberg (SAFO), Helene Arefjord (SAFO), Christel Borge Bersaas-Nesse (SAFO), Ann-Karin Gørbitz (Frp), Sinde Andre Andreassen (SV) og Ernst Morten Einarsen.

Ungdommens kommunestyre (UKS)

Adrian Aas Kleppe (Fjell ungdomsskule), Marte Fjell Brommeland (Tranevågen ungdomsskule), Ingrid Skjold (Danielsen ungdomsskule), Håkon Øvretveit (Sund uungdomsskule), Rowena Risløw (Øygarden ungdomsskule), Stine Lundmark (Sotra vidaregåande skule), Viktoria Gushkova (Sotra vidaregåande skule), Geir Ove Spjeld (Sotra vidaregåande skule), Emil Øvretveit (Amalie Skram vidaregåande skule), Karoline Sæle Einevoll (MOT) og Thomas Mikal Hornnes (MOT).Varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) vert politisk kontaktperson for UKS.

Kommunal medlem og varamedlem til Øygarden kyrkjelege fellesråd

Fast medlem vert Hege Misje (Sotralista), medan Helge Nilsen (KrF) vert varamedlem.

Representantar til Vestland vassregionutval og vassområdeutval

Ordførar Tom Georg Indrevik vert medlem, medan varaordførar Torill Selsvold Nyborg vert varamedlem.

Styre for Øygarden brann og redning KF

Per Rune Eikeseth (H), leiar, Elna Nybakk (Sotralista, nestleiar), Åse Gunn Husebø (Ap), Terje Strandtun.

Fritak frå politisk verv

Kommunestyret gav Sølvi Kobbeltvedt (Senterpartiet) fritak frå sine politiske verv i kommunestyret og formannskapet i perioden 1. januar til 1. juli 2020. 1. varamedlem for Senterpartiet får automatisk opprykk frå 1. varamannsplass.

Møteplan og møtetidspunkt

Kommunestyret godkjende framlegget til møteplan. Det vart presentert fleire forslag til å endra tidspunkt for møta, men ingen av dei fekk fleirtal. Dette inneber at kommunestyret, formannskapet, politisk arbeidsutval, dei tre utvala tek til klokka 14.00.

Tekst og foto: Vigleik Brekke