Vedtok det første budsjettet for den nye kommunen

I dag (torsdag) har kommunestyret for Øygarden kommune vedteke det første budsjettet for den nye kommunen. Det var framlegget frå Høgre, Sotralista, KrF, Frp og Venstre (fleirtalspartia) som vart vedteke. Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 2,9 milliardar kroner. Det skal investerast for 255 millionar kroner neste år.

Frå møtet torsdag 19. desember. Tre representantar reise seg då det vart røysta over ei erklæring om at Øygarden kommune står overfor ei klimakrise

Formelt vedtok kommunestyret driftsbudsjett for 2020, økonomiplan for 2020 til 2023 og budsjett for gebyr og brukarbetaling for 2020.

Samanlikna med framlegget frå kommunedirektøren skal kommunen auka inntektene og auka innsparingane på driftsbudsjettet med totalt 85 millionar kroner. Det er lagt inn nye utgifter på 6,8 millionar kroner. Dette gjer det mogleg å overføra 78 millionar kroner til disposisjonsfondet. Ekstratiltaka som vart vedteke med røystene til fleirtalspartia er skuleturar med undervisningsopplegg til Polen (tre millionar kroner), forprosjekt utbygging av demensomsorg (to millionar kroner), Pitstop (600 tusen kroner), Treff+ (25 tusen kroner), Aktiv + (25 tusen kroner), lærlingar (eín million kroner) og Vest Norsk Brusselkontor (150 tusen kroner).

På investeringssida sluttar kommunestyret seg til framlegget frå kommunedirektøren med ei ramme på 255 millionar kroner. 10 millionar kroner til molo i Hjeltefjorden Sjøfront på Rong er teke ut. I den vedtekne tekstedelen går det mellom anna fram at ein skal starta med ny skule på vestsida til erstatning for Skålevik skule. Det går vidare fram at ein skal vurdera å oppretta mobbeombod, starta med nytt regionalt rådhus/kulturhus og etablera senter for utvikling av velferdsteknologi.

I fellesframlegget til Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Raudt, som ikkje fekk fleirtal, står det mellom anna at ein skal utgreia å innføra eigedomskatt på næring i den nye kommunen, innføra skulefrukost og setja i gang eit prøveprosjekt med helsestasjon for eldre. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) ville i sitt framlegg til budsjett ikkje kutta stillingar i driftsbudsjettet, vikarutgifter, bøker i skulen og lærlingstillingar.

Arbeidarpartiet fekk tilslutnad til at tre punkt frå deira forslag til investeringsbudsjett vert teke ut av deira framlegg og sendt over til utval for samfunnsutvikling. Dette gjaldt områdemodell for Straume sentrum, Straumssundet bru (gamle) og Vestsidevegen.

Gruppemøte i Arbeidarpartiet. Espen Harkestad tok seg likevel tid til å smila til fotografen.

 

Er det klimakrise i Øygarden kommune?

I samband med budsjettdebatten utfordra MDG kommunestyret til å røysta for ei fråsegn om at kommunen er samde om at «vi i dag står overfor ein klimakrise». I debatten gav fleire uttrykk for at dei opplevde formuleringa i forslaget som kontroversielt sjølv om dei kunne stilla seg bak intensjonen. I tillegg til MDG sine to representantar, røysta representanten frå Raudt for fråsegna om å erklæra klimakrise i Øygarden kommune. Sjølv om fråsegna ikkje fekk fleirtal, vart det vedteke at verbalforslaget vert sendt over til utval for samfunnsutvikling der det vert teke med i utarbeidinga av miljø- og klimaplanen.

Gebyr og brukarbetaling

MDG føreslo å redusera gebyr og brukarbetaling med 10 prosent, medan FNB føreslo å kutta gebyr og brukarbetaling med fire prosent. Begge forslaga vart avviste av kommunestyret. Dermed var det framlegget frå kommunedirektøren som vart vedteke. Kommunestyret slutta seg til eit forslag frå Silvia Haugland (H) om at det skal fremjast sak til formannskapet i midten av januar om å oppretta eit gebyrutval som får mandat og framdriftsplan med første revisjon av gebyr og brukarbetalinga innan juni 2020. Utvalet skal vera samansett av fem medlemer og fem varamedlemer.

Ny barnehage på Spildepollen

Kommunestyret vedtok samrøystes å godkjenna bygging av Spildepollen barnehage. Kostnadsramma er 41,8 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Dette er ein meirkostnad på 6,4 millionar kroner samanlikna med investeringsbudsjettet. Meirkostnaden vert dekt av ubrukte lånemidlar i prosjektet knytt til Spilepollen skule som vart offisielt opna i november. Barnehagen vil få fem avdelingar og vert dimensjonert for 90 barn. Oppdraget med bygging er tildelt Gravdal Bygg AS. Glesnes barnehage og Telavåg barnehage vert lagde ned når den nye barnehagen vert teken i bruk.

Val av barn og unge sin representant i kommunal plan og utbygging

Kommunestyret valde Berit Algerøy som barn og unge sin representant i planlegginga etter plan- og bygningslova, for kommunestyreperioden 2019-2023. Anna Nesje Nes vert vararepresentant. Barne- og ungdomsrepresentanten, eventuelt vararepresentanten skal møta i utval for plan med talerett.  Det vart vedteke eit tillegg om at representanten for barna, etter plan- og bygningslova, har møte- og talerett i utval der planar vert utgreitt og behandla.

Utvidar samansetjinga av administrasjonsutvalet

Det var vedteke at administrasjonsutvalet vert utvida med to tillitsvalde slik at alle dei fire hovudsamanslutningane vert representerte. Administrasjonsutvalet vert også utvida med to politikarar. Dei to nye medlemene vert Marianne Sandal Bjorøy (vara Eva Årskog), Børge Haugetun (vara Kristin Børve Jacobsen). Ny vara for Espen Harkestad vert Nils Bjarte Sæle.

Delegasjon av vigselsmynde

Det vart vedteke å utvida ordninga til også å gjelda laurdagar. Dei politiske representantane som hadde viselmynde i dei tre gamle kommunane vert førte opp på lista over personar som skal ha vigselmynde i tillegg til dei namna som går fram av saka. I tillegg til dei namna som er tekne med i saksutgreiinga, skal følgjande namn leggjast til; Marianne Sandal Bjorøy, Espen Stølsnes Harkestad, Nils Kåre Skoge og Børge Haugetun.

Ordførar Tom Georg Indrevik leia sitt første budsjettmøte.

Andre saker

  • Øygarden kommune gjev tilslutnad til at kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fjell, Sund, Øygarden, Fusa, Os, Granvin og Voss trer ut av Interkommunalt samarbeid mot akutt forureining (IUA) Bergen region pr. 31. desember 2019 med grunngjeving i kommunesamanslåinga. Samstundes gir nye Øygarden kommune si tilslutning til at dei nye kommunane Alver, Øygarden, Bjørnafjorden og Voss vert deltakarkommunar i IUA Bergen region frå 1. januar 2020, og at desse kommunane tek over rettar og plikter frå sine respektive samanslåtte kommunar.
  • Kommunestyret gjev kommunal kriseleiar alle fullmakter til raskt å setja i verk relevante skadereduserande tiltak i ein krisesituasjon, eller når krise truar. Øygarden kommune har som mål at så snart det er forsvarleg skal ansvaret overførast til normal drift, om mogleg innan 72 timar.
  • Kommunestyret vedtok eigedomsskattetaksvedtekter slik dei låg føre.
  • Representantar til sakkunnig eigedomsskattenemnd for perioden 2019-2023 vert Børge Haugetun (leiar) med Erling Vik som vara). Elna Nybakk (vara Drude Herdlevær) og Egil Håland (vara Vivian Steinsland).
  • Som representantar til sakkunnig klagenemnd for eigedomsskatt vart valde Trygve Wåge (leiar), Anne Sissel Fjæreide, Geir Magne Bergtun (nestleiar), Anne Hestnes, May Britt Hevrøy og Odd Erik Lind.
  • Ordførar Tom Georg Indrevik med varaordførar Torill Selsvold Nyborg som vara vert årsmøterepresentantar og kandidatar til styreverv i Bergen og omland friluftsråd. Nils Kåre Skoge vart føreslått som kandidat til styret for 2019-2023.
  • Kommunestyret vedtok prioriteringa av spelemiddelordninga i samsvar med innstilling.
  • Kommunestyret vedtok at FjellVAR AS (seinare ØyVAR AS) vert tildelt einerett for drift og vedlikehald av vatn og avlaupstenesta i kommunen frå 1. januar 2020.
  • Det vart vedteke å tildela BIR Transport AS einerett for innhenting av hushaldsavfall fram til 1. oktober 2020. Vedtaket vart gjort for å sikra at avfallet vert handtert korrekt og uavbrote i perioden fram til oktober 2020. Saka går til kommunestyret

Kulturelt og kyrkjeleg innslag

Sokneprest Maria Tveten heldt juletale til kommunestyret. Ho pussa på sølvtøyet sitt og snakka om å pussa støv av den gode kulturen vi har.

– Nokre pussar på trua si også, sa Tveten.

Ho avslutta med et ho karakteriserte som gullet; juleevangeliet slik det er skilda i Lukas kapittel to. Kulturskulen deltok med tre flotte musikalske innslag ved Vida elvemo (piano), Nikolai Einarsen (piano og Hallgeir Fiskaaen (gitar).

Her er bilete frå innslaga: