Kommune- og fylkestingsvalet 2019 skal gjennomførast som om Fjell, Sund og Øygarden alt er slått saman til (nye) Øygarden kommune. Vi treng fleire samfunnsengasjerte personar til å delta i valgjennomføringa på valdagen.
Har du lyst til å vere med?
Kven ser vi etter?
- Du må være fylt 18 år.
- Du kan ikkje vere listekandidat ved kommunestyre- eller fylkestingsvalet i Øygarden kommune.
- Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og ha gode kunnskapar om bruk av elektronisk verktøy (PC og Smart-telefon)
- Du må ha god helse og arbeidskapasitet, og kunne vere aktiv store deler av dagen.
- Du må kunne rettleie veljarar og vere fleksibel ved jobbrotasjon.
- Du må ha tatt i bruk MinID eller BankID, og være kjent med bruken av dette. (pålogging til det valadministrative systemet).
- Du må kunne delta på obligatorisk 3 timars opplæring i august.
- Du treng ikkje vere busett i kommunane
Når skjer valet?
Valet foregår i 17 ulike vallokale mandag 9. september. Vallokala er opne for veljarane frå kl. 09:00 til kl. 21:00.
Arbeidsdagen for valmedarbeidarane kan verta delt inn i to skift, men det er opp til leiar i røystestyret å organisere arbeidet i vallokalet.
Arbeidsoppgåver:
- Ta i mot og rettleie veljarar
- Kontrollere legitimasjon
- Søkje opp veljarane i elektronisk manntal og krysse av for avlevert røystesetel
- Stemple røystesetlane
- Sikre at veljarane legg setlane riktig i urnene
- Telje røystesetlar når stemmegivinga er ferdig kl. 21:00
- Også andre oppgåver kan verta lagt til valmedarbeidarane på valdagen
Vallokale i (nye) Øygarden kommune:
Noverande Sund kommune | Noverande Fjell kommune | Noverande Øygarden kommune |
Sund skule/grendahus (01) | Ulveset skule (07) | Toftøy skule (14) |
Stranda skule/hall (02) | Skålvik skule (06) | Hjeltefjorden Arena (15) |
Glesnes skule (03) | Ågotneshallen (13) | Blomvåg skule (16) |
Telavåg skule (05) | Fjell ungdomsskule (08) | Tjeldstø skule (17) |
Skogsvåg skule (04) | Foldnes skule (12) | |
Brattholmen skule (10) | ||
Bjorøy skule (09) | ||
Hjelteryggen (11) |

Organisering og betaling:
Kvar krins/vallokale har eit røystestyre på tre personar; leiar, nestleiar og medlem. Desse har det formelle ansvaret og administrerer røystegivinga i vallokalet.
Alle som deltek vert godtgjort for arbeidet på valdagen og for den obligatoriske opplæringa.
Satsane er:
Medlemer i røystestyra og andre valmedarbeidarar: kr 225,- pr time
Leiar i røystestyret får eit funksjonstillegg på: kr 750 pr dag
For å delta på 3-4 timars obligatorisk opplæring: kr 500
For å delta i klargjering av vallokale før valdagen: kr 500.
Obligatorisk opplæring:
Alle må møte på opplæring i regelverk, rutinar og datasystem. Det er sett opp tre opplæringsdatoar – 20., 21. og 28. august frå kl 17.00 til kl 20.00 i Fjell rådhus. Du treng berre delta på ei opplærings-samling.
Kommunikasjon mellom valmedarbeidar og valsekretariat vil skje via ein App.
I søknadsskjemaet kan du krysse av for kva lokale du vil føretrekkje å arbeide i eller om du er fleksibel og kan arbeide i kva som helst av dei 17 lokala.
Du vil og få spørsmål om du har høve til å arbeide heile valdagen (frå 08.00 – ca 23.00) eller om du ønskjer å arbeide halv dag.