Valstyret er ansvarleg for gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsval, stortingsval og eventuelle folkeavrøystingar. Valstyret er ansvarleg for at valoppgjeret går føre seg på riktig måte og behandlar klagar på gjennomføring av kommunestyrevalet.
Etter valloven skal det i kvar kommune vere eit valstyre, vald av kommunestyret. I nye Øygarden kommune har valstyret 13 medlemmer som vart valde av Fellesnemnda. Valstyret sin leiar er leiar av Fellesnemnda.
Valstyret er oppretta med heimel i valgloven §4.1 jf kommunelovens §10. Dei vanlege saksbehandlingsreglane i kommunelova om opne møter, annonsering av møter osv. gjeld for valstyret sine møter.
Valorganisasjonen forbereder saker og står for den praktiske oppfølging av vedtak.