Valoppgjeret ved kommunestyreval

Når kommunane har talt opp alle stemmesetlane og fordelt desse på parti, vert dette resultatet rekna om til representantfordelinga som utgjer kommunestyret. Dette vert kalla valoppgjer.

Storleiken på kommunen har noko å seie for storleiken på kommunestyra, men korleis representantane vert valde er likt for alle kommunar. Utgangspunktet for valoppgjeret er partia sine listerøyster. Kvar stemmesetel inneheld eit tal listestemmer som tilsvarar tal på representantar som skal veljast til kommunestyret.