Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen dei ønskjer å stille til val i. Frist for å levere listeforslag er måndag 1. april 2019, kl 12.00.
For parti og grupper
For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla behandling, jf. valgloven § 6-3, må det samlast inn 300 underskrifter på listeforslaget frå personar med stemmerett i det valdistriktet lista skal stille.
Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje offentliggjerast, jf. valgforskriften § 13, valgloven § 15-4 og forvaltningsloven § 13 første ledd nr. 1.
Ved innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet, er det ein fordel om forslagsstillarane bruker dei anbefalte skjemo og rettleiinga som det er lenka til nedanfor. Dette vil lette arbeidet for valmedarbeidarane ved behandling av listeforslaga.
I pdf-filene er det muleg å fylle inn data i alle dei blå felta før listeforslaget vert skrive ut. Dei blå felta vil skrivast ut som kvite – dei er berre der for å vise kor du kan fylle inn data.
Valadministrasjonen har hatt møte med partia som har meldt at dei kjem til å levera lister 06.02.19. Informasjon frå møtet med fristar for innlevering.
Lenker til dokumentmalar, rettleiingar og ytterlegare informasjon om listeforslag
Vedlegg til listeforslag
Saman med listeforslaget skal også følgjande vedlegg til listeforslag innleverast, jf. valgloven § 6-4
Listeforslag til kommunestyrevalet med originale underskrifter skal sendast eller leverast til valstyret i «Nye Øygarden kommune».
Listeforslag som vert sendt i posten
Valsekretariatet i (nye) Øygarden kommune, postboks 184, 5342 Straume
Listeforslag som vert levert i kontortid (kl. 08:00-15:30)
Fjell rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Dersom seint ute – kan listeforslaget sendast på epost: postmottak@fjell.kommune.no, men då må dei originale listeforslaga sendast i posten same dag.
12 politiske parti/grupper har levert inn listeforslag til nye Øygarden kommune til kommunevalet 2019 innan fristen gjekk ut 1. april 2019 kl 12.00. Det skal veljast 45 representantar til kommunestyret i den nye kommunen. Listene ligg i kronologisk rekkjefølgje slik dei kom inn:
Frist for forslagsstillarane til å kalle tilbake listeforslag, er seinast 20. april kl. 12, jf. valgloven § 6-5.
I 2019 er 20. april ein laurdag og påfølgande måndag er 2. påskedag. Som regulert i valglovens § 15-5 begynner fristen da å løpe næraste kvardag. Fristen for tilbakekalling av listeforslag i 2019 er difor tysdag 23. april.
Valstyret godkjente følgjande listeforslag i møtet 13. mai 2019:
- Arbeiderpartiet
- Folkeaksjonen Nei til mer bompenger
- Fremskrittspartiet
- Høgre
- Kristelig Folkeparti
- Miljøpartiet Dei Grøne
- Partiet De Kristne
- Raudt
- Senterpartiet
- Sosialistisk Venstreparti
- SotraLista
- Venstre
Kunngjering av godkjente vallister for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019.
Ta gjerne kontakt med oss i valadministrasjonen for å få rettleiing i korleis listeforslaga skal fyllast ut.
Kontaktpersonar:
Unni Rygg, ansvarleg for behandling av listeframlegga
55 09 71 55
Unni.rygg@fjell.kommune.no
Grethe Bergsvik, valansvarleg
55 09 70 41
Beate Hetlevik, medvalansvarlig
56 38 54 03