Fakta om val i Norge

Kven har stemmerett ved kommune- og fylkestingsval?

For å kunne stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du ha stemmerett. Her kan du sjå om du oppfyller krava til stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019.

Det vert stilt forskjellige krav til stemmerett i Norge avhengig av om det er stortingsval eller kommunestyre- og fylkestingsval. Den største forskjellen er at også utanlandske statsborgarar har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Norge dersom dei har budd i landet over noko tid.

Du har stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet dersom du oppfyller eit av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgongen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Norge
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Norge seinast 30. juni i valåret
  • Du er øvreg utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande

ValavlukkeKven kan man stemme på?

I lokalval vert det vald representantar som skal sitte i kommunestyra og fylkestinga.

Representantane i kommunestyret bestemmer over politikken i kvar kommune. Dei har mellom anna ansvar for grunnskule og eldreomsorg i sin kommune. Representantane i fylkestinget har ansvaret for noko av politikken i kvart fylke, for eksempel pengane til vidaregåande skule.

Politiske parti

Politikarane som vert valde er oftast medlemer av eit politisk parti. Kven som skal stå på lista til dei forskjellige partia, er det deltakarane på partia sine nominasjonsmøte som avgjer. Partia har partiprogram som fortel kva dei meiner. Politikarane føl partiprogrammet til det partiet dei er medlem av.

Før val er det valkamp. Då deler partia ut informasjon og fortel kva dei ønskjer å gjere dersom dei får mange nok stemmer. Du røyster på lister med kandidatar frå dei enkelte partia, og kan stemme på kva parti du vil.

Korleis røyster du?

Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved å stemme på førehand. Har du røysta på førehand, er det denne som gjeld. Du kan fritt bestemme om du ønskjer å stemme på førehand eller stemme på valdagen.