Utsette behandling av søknad frå kyrkjeleg fellesnemnd

Fellesnemnda for Nye Øygarden vedtok på møtet i dag å utsetja behandling av søknaden frå kyrkjeleg fellesnemnd på 2,9 millionar kroner for 2018 og 2019.

Frå venstre; Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), prosjektleiar Paul J. Manger og Sund-ordførar Kari-Anne Landro.

Prosjektleiar Paul J. Manger hadde innstilt på at fellesnemnda løyvde 300 tusen kroner i 2018 og 300 tusen kroner i 2019 til kyrkjeleg fellesnemnd sitt arbeid med å slå saman dei kyrkjelege fellesråda. Kyrkjeleg fellesnemnd er samansett av kyrkjeleg fellesråd i dei tre kommunane. Odd Bjarne Skogestad føreslo at saka vart utsett til neste møte og at leiargruppa (dei tre ordførarane) og prosjektleiar i mellomtida tek initiativ til eit møte med leiinga for den kyrkjelege fellesnemnda for å drøfta økonomi og prosess for samanslåing av dei kyrkjelege fellesråda.

I debatten var det fleire som etterlyste ei grunngjeving på kvifor ein i innstillinga hadde konkludert med å gje 300 tusen kroner i støtte for kvart av dei komande to åra.

Det vart vedteke å utsetja saka, men fleirtalet i fellesnemnda støtta eit forslag frå leiar Kari Anne Landro om at saka vert utdjupa om kva som ligg til grunn for tilrådinga frå prosjektleiar. Fellesnemnda legg til grunn at prosjektleiar har dialog med kyrkjeleg fellesnemnd ved behov og gjev orientering om grunngjevinga for innstillinga før behandling i fellesnemnda.

Kyrkjeleg fellesnemnd har altså søkt om ei rammeløyving på 2,9 millionar kroner for heile prosjektperioden fram til og med desember 2019. Sentrale punkt i prosjektplanen er kulturbygging, harmonisering og formålstenleg drift og organisering, og digitale system og IKT-løysingar.

Drøfta budsjett for fellesnemnda

Departementet har utbetalt 35,9 millionar kroner i tilskot til dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden for å dekkja eingongskostnader med kommunereforma. Då saka vart lagt for behandling på møtet i fellesnemnda dag, var det fleire som tok til orde for at tilskotet frå staten er i knappaste laget sett opp mot dei ambisjonane kommunane har for byggja ein ny kommune.

Prosjektleiaren har lagt til grunn at talet på årsverk aukar frå 4,5 i 2017 til seks i 2018 og om lag fire årsverk i 2019. I 2018 har budsjettet ei ramme på 17,6 millionar kroner. Han skriv i utgreiinga at tilskotet på 35,9 millionar kroner ikkje vil dekkja alle kostnadene med å etablera den nye kommunen fram mot 2020.

Etter forslag frå leiar Kari-Anne Landro vart eit framlegg frå Tom Georg Indrevik justert og samrøystes vedteke. Fellesnemnda tek årsprognose for 2017 med ei ramme på 3,8 millionar kroner til orientering. Fellesnemnda ber om at det innan første april 2018 vert lagt fram eit revidert budsjett for prosjektperioden fram til og med 2019. Det vert bede om ei prinsippavklaring på grensesnittet mellom prosjektøkonomien og driftsøkonomien i dei tre kommunane. Døme på dette kan vera personell som vert overførte frå kommunane til prosjektorganisasjonen for Nye Øygarden kommune.

Frå møtet i dag.

Skal utarbeida mandat for lokaldemokrati og identitet

Fellesnemnda ber om at arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet utarbeider eit framlegg til mandat for arbeidet i gruppa. Framlegget skal også innehalda eit budsjett for perioden fram til november 2018. Framlegget vert behandla i fellesnemnda på møtet den 22. januar.

I drøftinga vart det oppmoda om å leggja til rette for samarbeid med organisasjonar som til dømes turlag, Aktiv+ og Treff+. Andre innspel var å inngå samarbeid med turlaga og å leggja til rette for eit kystpass for dei tre kommunane slik Sund kommune allereie har etablert og å lysa ut ein konkurranse for ein eigen «Øygarden-genser». Det var også forslag om å stimulera til lokale festivalar (jf Periferifestivalen som er avvikla), samarbeid med kyrkja og bruk av digitale løysingar. Det vart også nemnt at «Songen frå vest», som er nytta ei rekkje gonger i kommunereformprosessen, er svært aktuell som kommunesong.

Andre saker i fellesnemnda den 11. desember

  • Korleis sikra ein god samanslåingsprosess? Tilbakemelding og konkretisering av suksesskriterium.
    Fellesnemnda tok statusoppdatering til orientering og ber om at prosjektleiar konkretiserer innhaldet i suksesskriteria ved å utarbeida måleindikatorar for kvart suksesskriterium
  • Milepelsplan for Nye Øygarden kommune, oppdatering.
    Fellesnemnda tok endringar og korrigeringar i milepelsplanen til orientering.
  • Val av politiske varamedlemer til partssamansett utval.
    Sjå vedtak her.

Digitalisering

Ved starten av møtet hadde direktør for digitalisering og innovasjon i Bergen kommune, Kjetil Århus, orientering om digitalisering knytt til kommunar, nasjonalt og regionalt. Nye Øygarden kommune deltek i eit prosjekt om samordna regional digitalisering. I oktober vedtok fellesnemnda å delta i eit digitaliseringsprosjekt i regi av KS (organisasjon for kommunesektoren). Sjå presentasjonen her.

Fellesnemnda vart i dag før førte gong overført på nett-TV (kommune-TV). Her kan du sjå opptak frå heile møtet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke