Utsette behandling av etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune

Partssamansett utval (PSU) utsette i dag behandlinga av etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune. Representantar frå tillitsvalde sakna at høyringsfråsegnene ikkje følgde saksdokumenta.

Frå møtet i PSU i dag.

Både dei politisk valde representantane og dei tillitsvalde i PSU gav uttrykk for at det ville vera nyttig å utsetja saka. PSU samla seg dermed om å utsetja saka og leggja ho ut på høyring på nytt med sikte på behandling i PSU den 4. juni og seinare i fellesnemnda.

Saka med utkast til etiske retningslinjer vert sendt ut på høyring til organisasjonane og partigruppene i dei tre kommunane. Utval for politisk styringsstruktur skal samanfatta høyringsfråsegnene. Når prosjektrådmannen sender saka til behandling i PSU og fellesnemnda, skal høyringsfråsegnene leggjast ved saka.

Målet med dei etiske retningslinjene til Nye Øygarden kommune er å sikra ein etisk standard som gjer at innbyggjarane har tillit til kommunen som tenesteytar, som forvaltningsmynde og som arbeidsgjevar. Det er teke utgangspunkt i retningslinjene til Sund kommune sine retningslinjer, men også Fjell og Øygarden sine retningslinjer var ein viktig del av drøftingane. Retningslinjene gjeld for både folkevalde og tilsette.

På møtet orienterte prosjektrådmann om status i arbeidet med å tilsetja assisterande kommunalsjefar, stabsleiarar og einingsleiarar. Målet er at dette er gjort innan 7. mai. Alle tilsette skal etter planen vera innplasserte innan 21. juni.  Lokalisering skal vera på plass seinast 30. oktober. Fem tilsetjingsutval med to representantar frå arbeidsgjevar og eín frå arbeidstakarorganisasjonane skal stå for tilsetjingane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke