– Ungdomspolitikarane må oppleva reell medverknad

I dag var 15 ungdomspolitikarar samla til fellessamling for ungdommens kommunestyre og ungdomsråda i dei tre kommunane i regionen. Vertskap i år var Øygarden kommune, og ungdomane let seg imponera av den nye idrettshallen Hjeltefjorden Arena der møtet vart halde.

I dag sat ungdomspolitikarane på skulebenken.

Prosjektrådmann Rune Lid i Nye Øygarden kommune, Rune Lid, innleia med å gje informasjon om status i arbeidet med Nye Øygarden kommune. Han tok utgangspunkt i intensjonsavtalen då han skulle snakka om ungdomen sin plass i den nye kommunen.

– Ungdommens kommunestyre og ungdomsråda må oppleva å ha reell medverknad i arbeidet med å byggja den nye kommunen. I intensjonsavtalen går det også klart fram at vi skal involvera og levandegjera MOT-visjonen, sa Lid. Han viste mellom anna til at den nye kommunen skal utvikla kunnskapsklynge (VGS og høgskule) og førebyggja klimaendringar gjennom lokal handling.

Oppmoda ungdomane å røysta

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, orienterte om Fylkes- og kommunevalet 2019. Dei siste vala har det vore svak oppslutnad om fylkes- og kommunevala i Fjell og Sund. I 2015 møtte 57 prosent av dei røysteføre i Fjell opp på valdagen, medan 55 prosent røysta i Sund for tre år sidan. I Øygarden er oppslutnaden jamt over betre. Der var det 68 prosent av dei røysteføre som deltok i valet i 2015. Ifølgje Fjell-ordføraren er det bra valoppslutnad frå førstegongsveljarane og dei i moden alder. Valoppslutnaden er svakast hjå folk i alderen 25 til 40.

Frå gruppearbeidet.

Kommunesamanslåinga får også konsekvensar for dei lokale partia. Partia i dei tre kommunane har allereie slått seg saman og er klare til å stilla lister ved kommunevalet den 9. september.

Sandahl Bjorøy stilte spørsmål om kvifor det er viktig å røysta ved vala.

– Det handlar om demokrati og folkestyre. Landet, fylka og kommunane vert styrte av innbyggjarane ved at vi røystar ved vala og at vi kjem til orde gjennom offentlege debattar, sa ordføraren.

Styreleiar i Gode Sirklar, Tom Georg Indrevik, orienterte om Gode Sirklar og andre nettverk der det offentlege og private samarbeider. Han tok også utgangspunkt i intensjonsavtalen der det heiter at den nye kommunen skal vera eit regionalt og nasjonalt fyrtårn innan teknologi, energi og marine næringar. Han orienterte mellom anna om moglegheitsstudien knytt til utfordringar med lakselus, VNR Verkstedgruppen, nye vidaregåande skule, kunnskapsklynga i den nye kommunen, etablerertentesta og Gründerparken Vest. I etterkant var det gruppearbeid.

Seinare på opplæringsdagen var det diskusjon med ungdomen der temaet var byvekstavtalen og kollektivtransporttilbodet. Sund-ordørar Kari-Anne Landro leia diskusjonen knytt til ungdomshøyring og medverknad i den nye kommunen. Dagen vart avslutta med innleiing og drøfting leia av MOT-representanten Regine Oen Hatten.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opplæringsdagen:

Marianne Sandahl Bjorøy
Rune Lid
Tom Georg Indrevik