Ungdomspolitikarane er viktige for samfunnsutviklinga

På tysdag denne veka var ungdomsråda/ungdommens kommunestyre i Sund, Fjell og Øygarden samla til felles opplæringsdag.

Paul Manger

Etter at prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul Manger, hadde informert om den nye kommunen, var Synniva Henden frå Sund ungdomsråd frampå og ville vita om folk i dei ytre delane av den nye kommunen vil verta høyrt i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

– Det var eit godt spørsmål. I intensjonsavtalen er det understreka at ein skal ta heile kommunen i bruk og at dette vil verta følgt opp, svarte Manger.

Prosjektleiaren presenterte arbeidet med å byggja ein ny kommune ved å visa til stortingsvedtak og at dei tre kommunane i juni i år hadde felles kommunestyremøte og separate kommunestyremøte med viktige vedtak knytt til kommunereforma.

– Vi legg opp til eit «blestarrangement» i februar mars neste år der vi inviterer folk til å verta kjent med og å medverka i arbeidet. Det vert også lagt opp til eit framtidsseminar i mai 2018, sa Manger.

Sunniva Henden

Synniva Henden går tredjeåret på Sotra vidaregåande skule og har hatt sete i ungdomsrådet der sidan 2016. Etter eit avbrekk på grunn av studium i USA, er ho tilbake i ungdomsrådet.

– Det er interessant å vera med på dette, men ettersom vi berre er eit råd, har vi ikkje så mykje makt og høve til å ta avgjerder. No er vi lova at ordføraren skal vera meir med på arbeidet i ungdomsrådet, og det trur eg vil hjelpa oss til å få meir å seia, seier Synniva.

– Oppgåva dykkar er viktig!

Det var ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, som ønskte ungdomspolitikarane velkomen til felles opplæringsdag.

– Hugs at oppgåva dykkar i ungdomsråda er svært viktig. Ungdomane er kanskje dei som er minst representerte i dei organa som tek avgjerder. Kvar og ein av dykk er her fordi de engasjerer dykk, og det er behov for di stemme. Politikk handlar om å gjera ein forskjell, og de kan vera med på å realisera den forskjellen, sa Børge Haugetun.

Leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, snakka om demokrati og starta med grunnleggjande prinsipp om folkestyre og maktfordelingsprinsippet (lovgjevande forsamling, Konge/regjering og domstolane).

– Politikk handlar om å fordela goder, men mykje er låst. Til dømes har Fjell kommune eit budsjett på 1,8 milliardar kroner, og vi politikarar «flyttar gjerne» berre på ti millionar kroner. I Fjell går vi mot eit underskot i 2017 på 30-40 millionar kroner, og difor har vi sett oss nøydd til å vurdera nedlegging av skular, sa Einarsen og viste til forslag/vurdering om å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular og mellombels flytting av elevane på Skålevik.

Seinare på dagen handla det om miljøengasjement, ungdom og psykisk helse, ungdom og rus, og praktiske oppgåver. Robin Dale Oen gav informasjon om The Dale Oen-exp

Prosjektleiar Paul Manger informerer om den nye kommunen på ei rekkje arenaer. Onsdag denne veka informerer han om kommunereforma på ei personalsamling i regi av IKKUS (kultursamarbeid mellom Sund, Fjell, Øygarden og Askøy kommunar).

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland og Vigleik Brekke