Undersøkjer marknaden for pensjonsleveranse

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok samrøystes i dag at det skal gjennomførast ei intensjonskunngjering for å få klarlagt om det kan gjerast ei direkte anskaffing i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) eller om val av pensjonsløysing må ut på anbod.

Frå møtet i fellesnemnda i dag. Heretter skal møta i fellesnemnda haldast i kultursalen i Fjell rådhus.

 

I desember vedtok fellesnemnda at dei tilsette i Nye Øygarden skal ha forsikra løysing i KLP. Det vart også vedteke at prosjektrådmannen får i oppdrag å sjekka om val av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsreglementet.

Prosjektrådmannen har kontakta KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret. Desse tre er samstemte om at ei slik anskaffing av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsregelverket. Dersom det berre er eín leverandør av slike tenester, kan det gjerast direkte anskaffing utan anbod, det vil seia KLP. Dersom det er fleire likeverdige tilbydarar, må det gjennomførast anbod.

Både KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret konkluderer med at det bør lysast ut ei intensjonskunngjering for å avdekkja kor mange leverandørar det er i marknaden for denne typen tenester. Fellesnemnda slutta seg til innstillinga frå prosjektrådmannen om å gjennomføra ein intensjonskunngjering. Fellesnemnda vil få melding om resultatet av kunngjeringa.

Organisering av stand på Offshore Technology Days (OTD) 2019

Fellesnemnda vedtok at Nye Øygarden kommune skal besøkja OTD i oktober 2019. Deltakarane kjem frå politisk og administrativt nivå. Den nye kommunen skal ikkje ha eigen stand på messa.

Orientering om administrativ organisering

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte om status for det administrative arbeidet med å byggja den nye kommunen.

– Prosjekta er i gjennomføringsfasen der det vert fokusert på oppgåvene som må vera ferdige før 1. januar 2020. Arbeidet varier mellom «gjere-jobbar» og større oppgåver som krev arbeidsgrupper og delprosjekt, sa Rune lid.

Eit viktig organ i dette arbeidet er overordna styringsgruppe  (dei tre rådmennene, inklusive prosjektrådmann Rune Lid, fem prosjektleiarar og fem representantar for dei tillitsvalde/hovudverneomboda). Det er utarbeidd ein rettleiar som forklarar korleis prosessen skal gjennomførast. For berørte leiarar er det lagt opp til intern søknadsprosess.

Rune Lid

Innan 7. mai skal det tilsetjast leiarar på nivå 1 og 2 (assisterande kommunalsjefar og einingsleiarar/leiarar stab). Innan 31. mai skal den totale administrative organiseringa/dimensjoneringa vera på plass. Innplassing/rekruttering av alle tilsette på nivå to er på plass innan 21. juni, medan fysisk lokalisering skjer undervegs, seinast innan 30. oktober.

Rune Lid orienterte også om status for etablering og omorganisering av selskap. Ole G. Fredheim er vald til leiar av interimsstyret for FjellVAR/Sund vatn og avlaup. Arbeidet med å tilsetja dagleg leiar er i gang.

Etter planen vert det fremja sak til fellesnemnda i juni når det gjeld omdanning av Øygarden brann og redning til kommunal føretak. Det same gjeld etablering av føretaket Øygarden eigedomsutvikling.

Her kan du lesa presentasjonen til prosjektrådmann Rune Lid.

Her er opptak av møtet (nett-TV).

Tekst og foto: Vigleik Brekke