Undersøking: Innbyggjarane er opptekne av lokal tilhøyrsle

Ei undersøking gjennomført i Sund, Fjell og Øygarden like før ferienviser at fleirtalet av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen.  Eit klart fleirtal er også stolte av si lokale tilhøyrsle. Innbyggjarane er også opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka ved bygging av ein ny kommune.

Tom Georg Indrevik presenterte undersøkinga for fellesnemnda den 10. september. Nærare ein tredel av innbyggjarane er urolege for å mista lokalkjensla når den nye kommunen er på plass. To tredelar av innbyggjarane er usamd eller stiller seg nøytral til at noko slikt vil skje.

– Undersøkinga har gjeve oss interessante funn. Generelt er folk stolte av å bu i regionen og at det er viktig å ta vare på bygdeidentiteten. Vi ser også at felles aktivitetar utanom arbeid og skule på tvers av noverande kommunegrenser er tiltak som vil stimulera til å inkludera alle og skapa ei «vi-kjensle», seier leiar i arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik.

Bygdeidentitet

Undersøkinga viser at 52 prosent av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen. Eit klart fleirtal (61 prosent) er opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje skal verta svekka. Den kommunevise fordelinga viser at 61 prosent av innbyggjarane i Øygarden og Sund identifiserer seg med kyst- og strilekulturen, medan det er 45 prosent av innbyggjarane i Fjell som gjer det same.

Også den lokale tilhøyrsla er større i Sund og Øygarden enn i Fjell. Det går også fram at innbyggjarane i Øygarden og Sund er meir urolege for kommunesamanslåinga enn dei som bur i Fjell. Det frivillige arbeidet står sterkt i dei tre kommunane i vest. Undersøkinga viser at 72 prosent av dei som har svart på undersøkinga er aktive i minst eitt lokallag, foreining, eller organisasjon. Over halvparten (52 prosent) av respondentane har svart at det er viktig for dei å jobba i nærleiken av der dei bur. For 30 prosent av innbyggjarane er ikkje dette så viktig.

Politikk

40 prosent er usamd i at dei har tillit til lokalpolitikarane i dag, medan 21 prosent av respondentane svarar at dei har tillit til politikarane. Tilliten til prosessen for kommunesamanslåing er noko høgare enn den generelle tilliten til lokalpolitikarane. 55 prosent av respondentane tenkjer at dei kjem til å delta i kommunevalet hausten 2019. Sjølv om veljaroppslutninga i Øygarden har for vane å liggja om lag 10 prosentpoeng høgare enn i nabokommunane, viser undersøkinga at det litt fleire i Fjell enn dei to andre kommunane som tek sikte på å røysta i komande kommuneval.

I undersøkinga vert deltakarane utfordra på kva dei reknar som viktig for å skapa ei «vi-kjensle» i Nye Øygarden kommune. Respondentane vart bedne om å rangera ulike tiltak/moment. Det er felles aktivitetar utanom arbeid og skule (over 60 prosent) som har høgast score. Også «Få høve til å seia meininga si», «vener» og «felles skule for borna våre» er det mange som har sett opp som viktige tiltak/moment for å inkludera alle og skapa ei «vi-kjensle».

Les undersøkinga her.
Les kommunevis resultat her.

Undersøkinga er nettbasert og gjennomført av Reell medvirking i perioden 12. til 26. mai i år. Tema i undersøkinga er kultur og identitet, tankar om kommunesamanslåing og kva som er viktig for å skapa ei god samkjensle i Nye Øygarden kommune. Vel seks prosent av befolkninga (2 314 respondentar) har delteke i undersøkinga. Svarraten er låg blant ungdom under 18 år. Eit fleirtal av respondentane er menn (56 prosent). Meir enn tre firedelar av dei som har svart på undersøkinga har budd i dei tre kommunane i meir enn 10 år. I undersøkinga er innbyggjarane bedne om å svare på i kva grad dei er samde i «påstander» som vert graderte mellom «usamd» (0-3), «nøytral» (4-6) og «samd» (7-10).

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen