Tilsetjing i Nye Øygarden kommune

I løpet av dei næraste dagane vil alle fast tilsette i dei tre kommunane få tilsendt informasjon frå prosjektet Nye Øygarden kommune om innplassering i stillingar i den nye kommunen.

  • Informasjonen vert sendt digitalt. Dei som ikkje har Digipost/Altinn eller ikkje har opna brevet digitalt, vil få brevet i postkassen nokre dagar seinare.
  • Det vil gå ut ulike brev:
    • Tilsette i uberørte funksjonar vil få brev om overføring av eksisterande stilling til ny arbeidsgjevar.
    • Tilsette i berørte funksjonar vil få tilbod om innplassering i eining/stabsavdeling eller tilbod om stilling i ressursgruppe jf. rettleiar for innplassering.
  • Lokalisering vert avklart 30.10.2019

NB! Ikkje alle dei tre kommunane sender kvittering/stadfesting på e-postmeldingar som vert sendt til postmottak. Det er  tilstrekkeleg at meldinga di står som sendt element i din eigen outlook.

Innplassering av mellombels tilsette, nytilsette og vikarar vert handtert hausten 2019.