Tilrår satsar for økonomisk sosialhjelp

Formannskapet for den nye kommunen går inn for å harmonisera satsane for økonomisk sosialhjelp. På møtet i dag gav formannskapet tilråding til satsar for 2020. Dette var det første formannskapsmøtet i Nye Øygarden kommune. 

Dirigentbordet.  Frå venstre; rådmann Rune Lid, ordførar Tom Georg Indrevik og Beate Hetlevik frå politisk sekretariat.

Einslege utan barn får 6 150 kroner pr. månad frå 2020, medan ektepar/sambuarar får 10 250 kroner pr. månad dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga frå formannskapet. Barnetrygd vert halden utanfor ved utrekninga, medan andre inntekter vert medrekna. Satsane skal regulerast i samsvar med konsumprisindeksen.

Det vart også vedteke satsar til personar som deler hushald og for barn. Det vart fremja eit fellesforslag om å følgja dei statlege rettleiande retningslinjene når det gjeld satsar for utmåling av økonomisk sosialhjelp. Konkret vart det difor samrøystes tilrådd å auka satsane for barn i alderen seks til 10 år til 3 100 kroner pr. månad og til fire tusen kroner for barn i alderen 11 til 17 år.

I tilrådinga heiter det at det ikkje vert gjeve barnetillegg frå barn nummer fire. KrF fekk to røyster (KrF og MDG), og dermed ikkje fleirtal, for eit forslag om at det skal gjevast barnetillegg tilsvarande alder for alle barn i familien. Saka vert avgjort i kommunestyret.

Forhandlar om byvekstavtale

Formannskapet vedtok at formannskapet skal vera styringsgruppe for prosessen med forhandlingar om byvekstavtale. Ordførar og rådmann leiar forhandlingsutvalet som møter staten til forhandlingar. Styringsgruppa avgjer kven andre og kor mange som skal delta i forhandlingsutvalet. Formannskapet vedtok at i tillegg til ordførar, varaordførar og kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold, skal også Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) vera ein del av forhandlingsutvalet.

Byvekstavtalen skal sikra midlar til samferdsletiltak som byggjer på prinsippet om nullvekst i personbiltrafikk. I framlegg til avtale for perioden 2019 til 2029 ligg det ei totalramme på 411 millionar kroner til Øygarden kommune. Det vert i desse dagar gjennomført forhandlingar. Til forhandlingsmøtet den 15. november må det vera på plass forhandlingsutval.

I innleiinga før debatten orienterte kommunalsjef Råmund Skjold om forhandlingane. Fristen for å få vedteke ein avtale er nyttår. Avtalen har fire satsingsområde; utbygging av gang og sykkelvegar, kollektivtrafikk, innfartsparkering og miljøvennleg innovasjon. Det vart eit langt ordskifte i denne saka. Det er delte meiningar om denne avtalen vil vera til det gode for regionen.

Frå møtet i formannskapet i dag.

Økonomi

På møtet orienterte rådmann Rune Lid om budsjettprosessen og lokalisering av administrasjon og tenester for den nye kommunen. Etter planen presenterer rådmannen økonomplan/budsjett den 21. november i kommunestyret. Formannskapet behandlar økonomiplanen den 2. desember og legg han ut på høyring. Endeleg budsjettvedtak vert gjort av kommunestyret den 19. desember.

Rådmann Rune Lid gav økonomisk status for dei tre kommunane og den nye kommunen. Ifølge Lid har alle dei tre kommunane negative budsjettavvik så langt i år. Når det gjeld økonomiplanen for 2019-2023, er prognosane no at det må gjennomførast tiltak for totalt 116 millionar kroner for å gå i null. Han oppsummerte med å slå fast at den nye kommunen vil ha svært liten eigenkapital, høg lånegjeld og at økonomien ikkje er berekraftig i dag eller over tid. Omfattande tiltak er nødvendig.

– Vi er i ein svært krevjande situasjon, men dette klarer vi om vi jobbar saman administrativt og politisk, sa Lid.

Lokalisering av administrasjon og lokalisering

Rådmann Rune orienterte også kort om arbeidet med lokalisering av administrasjon og teneste. Dei fleste som tok ordet i ordskiftet etter orienteringa, snakka om organiseringa av barnevernet. Nokre var kritiske til å dela opp barneverntenesta, medan andre støtta dei førebelse konklusjonane om lokalisering av barnevernet. Arbeidarpartiet, MDG og SV leverte inn ein protokolltilførsel der det vart gjeve uttrykk for at ei oppdeling av barnevernstenesta, slik han er føreslått i dag, ikkje vil vera berekraftig på sikt.

Formannskapet utsette saka om satsar for skulefritidsordninga (SFO).

Brannsjef Bjørn Olav Paulsen orienterte om status i arbeidet med å omdanna Øygarden brann og redning frå interkommunalt selskap til kommunalt føretak.

Her er presentasjonen til rådmann Rune Lid om økonomien.

Du kan du sjå opptak av møtet i formannskapet på nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke