Tilrår at kommunale eigedomar vert organiserte i kommunal eining

Partssamansett utval (PSU) skal på møtet den 12. juni gje tilråding til sakene om eigarskapsmodellar og overordna administrativ organisering. Prosjektrådmann Rune Lid er no klar med innstillinga i sakene.

Rune Lid

Utval for eigarskapsmodellar har utarbeidd ein sluttrapport med framlegg til organisasjonsmodellar og eigarskap og representasjon. Rapporten har vore til høyring, og på bakgrunn av høyringsfråsegnene legg prosjektrådmannen no fram si tilråding overfor PSU som behandlar saka den 12. juni. Fellesnemnda gjer endeleg vedtak den 18. juni.

I rapporten er det føreslått å etablera eit eige eigedomsselskap for kommunale næringseigedomar (aksjeselskap) og eigedomsforvaltninga som kommunalt føretak (KF) eller kommunal eining (KE). Prosjektrådmannen føreslår at både forvaltninga av kommunale næringseigedomar og kommunale eigedomar vert organiserte i kommunal eining (KE). Det er også føreslått at Øygarden brann og redning (ØBR) vert organisert som ei kommunal eining.

Prosjektrådmannen går vidare inn for å fusjonera Sund vatn og avlaup med FjellVAR og at det fusjonerte selskapet får namnet ØyVA(R). Det er førelått å utgreia om renovasjonstenestene (R) skal vera knytt til dette selskapet eller BIR. Prosjektrådmannen føreslår at det vert utgreidd eit alternativ med etablering av eit eige næringsutviklingsselskap (Øygarden næring og utvikling AS).

Det vert føreslått at Nye Øygarden kommune vert medlem av Vest-Norges Brüsselkontor og Sunne kommunar og at eigarskapen og samarbeidet med Trigger Jobb AS vert ført vidare.

I saksutgreiinga skriv prosjektrådmannen at han ser saka om eigarskapsmodellar og overordna administrativ organisering i samanheng, og vil ha eit «administrativt blikk» på saka om eigarskapsmodellar.

Han skriv også i vurderinga at ved å redusera talet på interkommunale samarbeid og interkommunale selskap, får den nye kommunen no høve til å leggja oppgåvene innanfor eigen organisasjon for å sikra styring, leiing og samhandling mellom tenester.

Føreslår organisering med rådmann og fem kommunalsjefar

Prosjektrådmannen rår til at fellesnemnda vedtek ei overordna administrativ organisering på nivå 1 med rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn.

Dei to støttefunksjonane vert leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering og kommunalsjef for økonomi. Fase 2, som handlar om resten av organisasjon og leiinga, vert behandla seinare.

I mai utarbeidde rådmennene eit høyringsdokument med framlegg til organisering og drøfting av nivå 1. Dette var til høyring fram til 31. mai. I utgreiinga skriv prosjektrådmannen at dei fleste innspela i høyringsrunden stettar prosjektrådmannen/rådmennene sitt forslag. Prosjektrådmannen meiner at den tilrådde modellen vil gje ein handlekraftig og effektiv kommunal organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Etter planen skal rådmannen for den nye kommunen vera på plass til 1. januar 2019. Tilsetjing av kommunalsjefar vert gjennomført i løpet av august. Når kommunalesjefane er tilsette, får desse særskild ansvar som delprosjektleiarar.

Møtet vert halde på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke