Tilrår å godkjenna språkbruksplan

Utval for tenester og levekår (UTL) rår kommunestyret til å godkjenna framlegget til språkbruksplan for Nye Øygarden slik han ligg føre. I dag var det også møte i utval for samfunnsutvikling og utval for plan. I desse to utvala var det orienteringar.

Jan Utkilen (Sotralista) er tilbake i kommunalt leiarverv. Han skal leia utval for tenester og levekår i den nye kommunen. Nestleiar vert Ernst Einarsen (Høgre).

I tilrådinga frå UTL til kommunestyret går det også fram at nynorsk skal vera administrasjonsspråket for den nye kommunen og at Øygarden kommune vert medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Språkbruksplanen er tilpassa den språklege situasjonen i dag som er prega av sterk påverknad frå media og omfattande bruk av digitale plattformer. Dersom kommunestyret vedtek skriftleg språkform innan 16. desember, vil Øygarden kommune koma med i målvedtaksforskrift gjeldande frå 1. januar. Dersom det ikkje vert gjort vedtak denne hausten, vert Øygarden kommune inntil vidare registrert som språknøytral kommune. Alle dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden, har i dag nynorsk som administrasjonsspråk. I planen vert det vist til at det er ei nær samanheng mellom språk, identitet og kultur.

Nynorskprosenten i skulane i Sund og Øygarden er vesentleg høgare enn i Fjell. Medan nynorskdelen i Fjell ved inngangen til 2019 var på 31,7 prosent, hadde 86,5 prosent av elevane i Sund og 91,6 prosent av elevane i Øygarden nynorsk som hovudmål. I planen vert det understreka at ein klar og brukarvennleg nynorsk må leggjast til rette for ein aktiv bruk på dei nye digitale plattformene. Det er mellom anna understreka at all digital programvare må vera tilgjengeleg på nynorsk.

Utsette fleire saker

Utvalet utsette fleire saker. Sakene om framlegg til nye vedteker for SFO (skulefritidsordninga) og kommunale barnehagar vart utsette. Det vart vedteke å oppretta ei arbeidsgruppe på fire personar som skal førebu sak og koma med framlegg til vedtekter for SFO og vedtekter for kommunale barnehagar innan utgangen av april. Eksisterande vedtekter i dei tre kommunane vert vidareførte inntil nye vedtekter venteleg er på plass frå 1. august 2020.

Saka om nye satsar for SFO vart trekt frå sakskartet. Formannskapet utsette denne saka då ho stod på sakskartet på møtet i går.

Også saka om krisesenterløysing for Nye Øygarden vart utsett. Det kom på bordet to utsetjingsforslag som vart omarbeidd til eit fellesforslag. Utvalet ønskjer også å få belyst alternativet med eige krisesenter.

Saka om interkommunalt tilsyn med barnehagar i Øygarden kommune vart utsett. Utvalet ønskjer at det vert lagt fram ein avtale om fordeling av kostnadene med tilsyn før det vert teke avgjerd om interkommunalt tilsyn med barnehagane.

Frå møtet i utval for tenester og levekår i dag.

 

 

 

 

Alkoholpolitisk handlingsplan

Utvalet vedtok at det skal ut arbeidast ein alkoholpolitisk handlingsplan for Nye Øygarden kommune innan juni 2020. Eksisterande handlingsplanar for kommunane i dag skal gjelda innanfor sitt geografiske område inntil ny samla handlingsplan er vedteken. Det vart vald ei arbeidsgruppa som skal utarbeida ny alkoholpolitisk handlingsplan. Gruppa vert samansett av Roberg Kaupan Sæle (H), Eva Aarskog (SV), Espen Cornell Jakobsen (Ap) og Kristin Børve Jakobsen (FrP).

Skjenking på opningsarrangement den 4. juni

UTL vedtok at det kan skjenkast alkohol i samband med opningsfesten i Sotra Arena for den nye kommunen laurdag den 4. januar. Skjenkinga er knytt til eit dansearrangement om kvelden.

Ønskjer samarbeid

Ved innleiinga til det første møtet i utvalet sa leiar Jan Utkilen (Sotralista) at han ønskjer at det vert eit godt samhald og ein god tone i utvalet.

– Vi må tenkja nytt og kreativt, sa Utkilen. Nestleiar i utvalet er Ernst Einarsen (Høgre).

Orienteringar i dei andre utvala

I dei andre utval, utval for samfunnsutvikling og utval for plan var det orienteringar.

Andreas Kallekleiv (Høgre), er leiar i utval for samfunnsutvikling, medan Svein Berger Bjørge (FrP) er nestleiar.
Svein Otto Jacobsen (FrP), til høgre, er leiar utval for plan, medan Michael Sangolt (Høgre,) er nestleiar.