Tek stilling til prinsipp for lokalisering

Partssamansett utval (PSU) og fellesnemnda skal i neste veke behandla saka om lokalisering av administrasjon og tenester i den nye kommunen. Det vert mellom anna føreslått å etablera innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. 

PSU behandlar saka måndag den 7. oktober,  medan fellesnemnda gjer vedtak på møtet den 9. oktober.

Prosjektrådmannen føreslår at som hovudprinsipp at tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, skal nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord). Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

I saksutgreiinga går det fram at dei eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. Prosjektrådmannen meiner det er viktig å leggja til rette for større og samlokaliserte fagmiljø. Likevel er det klart at ikkje alle fagmiljø og tenester skal plasserast på  Straume. I forslaget til vedtak heiter det at funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.

Prosjektrådmannen ser dette saksframlegget som det første steget fram mot endeleg lokaliseringsvedtak den 30. oktober.

Val av leverandør for forsikra pensjonsløysing

Den 16. september slutta fellesnemnda seg til revidert tidsplan for anbodsprosess på forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune. Saka er no klar til behandling på møtet på måndag. Saka er unnateke offentlegheit.

Andre saker i fellesnemnda den 9. oktober

  • Øygarden Bustadutvikling KF, innspel frå interimstyret til endring av vedtektene
  • Forslag til endring av programkomité til styringsgruppe for opningsarrangementet Øygarden 2020
  • Folkevaldopplæring – framlegg til program for nytt kommunestyre
  • Lovlegkontroll av vedtak – fellesnemnda 16.09.2019, sak 47/19 Revidert anbodsprosess for forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune

Møtet i PSU vert halde på Skjenet 2 klokka 09.00 den 7. oktober, medan fellesnemnda vert gjennomført i kultursalen i Fjell rådhus klokka 09.00 den 9. oktober.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til PSU, og her er dokumenta til fellesnemnda.

Møtet i fellesnemnda vert overført på nett-TV.

Tekst: Vigleik Brekke