Stor interesse for å strikka Øygardsgenseren i alle kommunane

Det var godt oppmøte på den første strikkekaféen der Øygardsgenseren var det store temaet. Leiar i fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, er oppglødd etter kafébesøk med prat, kaffi og strikking på Fjell folkeboksamling tysdag ettermiddag.

Frå strikkekaféen på Fjell folkeboksamligng tysdag ettermiddag.

Denne veka har Sotra Husflidslag invitert til strikkekafe på biblioteka både i Fjell, Sund og Øygarden.

– Det var stor interesse for å strikka Øygardsgenseren og kø for å kjøpa garnpakkar. Husflidslaget selde 11 garnpakkar og nokre mønster i tillegg på strikkekaféen på Straume. No er det totalt seld 15 pakkar, og dermed må husflidslaget køyra til lageret og skaffa seg fleire før strikkekaféen i Skogsskiftet onsdag ettermiddag og i Øygarden på torsdag, seier Sandahl Bjorøy.

Ordføraren og leiaren av fellesrådet har sjølv lova å strikka (minst) fire genserar og kjenner nok på presset.

– På strikkekaféen møtte det opp hovudsakleg kvinner i alderen 30 til 70 år. Einaste hane i korga denne dagen var Sund-politikar og nestleiar hjå Skulesjefen i Fjell, Jogeir Sognnæs. Dette var ein god start, seier Sandahl Bjorøy optimistisk.

Det er laga til mønster for både liten, medium og stor, med både dame- og herremodell. Mønster for barnegenser er under arbeid og klar om kort tid. På strikkekaféane kan du kjøpa mønster og garnpakkar. Sotra Husflidslag har også med hespetre og garnvinde du kan nytta. Det er mogleg å tinga mønster og garnpakkar hjå Sotra Husflidslag sotra.husflidslag@gmail.com. Det er også råd å få kjøpt dette hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk (ull.no), Hobbykjelleren på Sartor Storsenter, Norwegian Spirit Strikk og Garn og Norsk Flid Husfliden Bergen, Vågsalmenningen.

Det er Mary-Ann Foldnes Fiske som har utforma Øygardsgenseren. Genseren vert strikka i Tinde Pelsullgarn og Sol Lamullgarn.

I Øygarden var det strikkekafé på torsdag. Her kan du les om korleis det gjekk.

Frå strikkekaféen i Øygarden. Foto: Ingunn Tegen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Også på strikkekaféen på biblioteket i Sund onsdag ettermiddag var det god stemning, (bilete nedanfor).

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Marianne Sandahl Bjorøy

Her er fleire bilete frå strikkekaféen i Fjell: