Stinn brakke på Brattholmen skule

Sju-åtte hundre personar vandra rundt i skuleanlegget på Brattholmen då skulen torsdag kveld inviterte foreldre, elevar og andre interesserte til presentasjon av elevarbeidet i Annleisveka.

Benjamin og dei andre elevane i 4b har laga eit stor plansje om livet i sjøen.

Også dette året var «Når tre blir til eín – Nye Øygarden kommune» tema for Annleisveka. Elevane har denne veka arbeidd med både fortid, notid og framtid.

Benjamin Bjørvik Lillebø i 4b viser stolt fram den store plansjen på veggen i klasserommet der elevane har laga alt tenkjeleg som finst i sjøen.

– Vi har laga sjømotiv. Sjølv har eg teikna hai og manet, seier Benjamin.

Kva tenkjer du om at det no vert ny kommune frå nyttår av?

– Det vert nok ei forandring, men eg veit ikkje heilt kva det går i. Men det er fint at vi kan skryta litt av at vi har blitt ein større kommune, seier Benjamin.

Når vi vandrar frå klasserom til klasserom får opplever vi eit breitt spekter av elevarbeid. Vel vitande om at kommunevåpenet er avklart for den nye kommunen, har nokre klassar har drista seg til å teikna kommunevåpen. Her var det mange kreative forslag. Nokre har skrive om favorittstaden sin, og andre har arbeidd med industriutvikling i regionen.

Brattholmen skule er mellom dei som konkurrerer om å få ein erteblomst til å veksa raskast i Plantekappleiken. Det var blomar å sjå fleire stader på Brattholmen skule, også den erteblomsten som er eit resultat av ei ertespire vatna av statsminister Erna Solberg då ho besøkte skulen den 14. oktober.

Besøk av besteforeldre

Det mangla ikkje på kaker og andre godbitar denne torsdagskvelden. Nora, Milene og Emma var klar for å hjelpa til med serveringa.

– Denne veka har vi arbeidd med korleis det såg ut her ute på Sotra, lese i forskjellige bøker, seier dei.

Elevane er klare for hjelpa til med servering av kaker. Frå venstre; Nora Mjøs, Emma H. Karlsen og Milene R. Knudsen.

Det kom også besøk frå fleire besteforeldre og fortalde om livet her ute.

– Bestefar min, Leif Nygård, som har vakse opp her kom og fortalde om livet på Sotra då han var ung. Her på Brattholmen var det ferjeavgangar og trafikkaos om sundagane. Det var kø heilt opp til Straume på det meste. Slik vil vi ikkje ha det no, seier Caroline og legg til at bestefaren også fortalde om korleis det var på Sotra under krigen.

I klasserommet til 7c har lærar Frank Kålås teke med seg gamle reiskapar frå naustet og garden sin på Angeltveit. Mellom anna er det utstilt ein fiskekasse som er langt over hundre år gamal. Desse brukte strilane då dei rodde til byd`n og tok med seg levande fisk for sal til kravstore bergensarar på Torget i Bergen.

– Tippoldefaren min, Mikkel Mikkelsen har brukt fiskekista som du ser her, seier Kålås.

Klassen hans, 7c, har også presentert modell av Sotrabrua.

– Den nye brua bør få namnet Øygardsbrua, meiner han.

Tekst og foto: Vigleik  Brekke

Her er fleire bilete frå Annleisveka på Brattholmen skule: