StimuLab workshop – frå innsikt til eksperiment

Omlag 25 tilsette frå Sund, Fjell og Øygarden var samla i kultursalen mandag 4. mars for å delta på workshop i StimuLab-prosjektet. Tema for workshopen var «frå innsikt til eksperiment».

Workshop i kultursalen Fjell kommune
Workshop i kultursalen Fjell kommune

Saman med tenestedesignarane hadde prosjektgruppa i løpet av veke 8 gjennomført 11 intervju med brukarar og deira pårørande. Brukarane vart spurt om deira erfaring med å møta kommunen, og tilbakemeldingane frå desse intervjua gir eit verdifullt grunnlag for det vidare arbeidet med prosjektet. Innsikt som vart samla inn gjennom desse intervjua vart presentert på workshopen. Deltakarane på workshopen jobba mykje ein og ein, og vart utfordra med stadig nye oppgåver. Denne måten å jobba på vart i etterkant skildra som «krevande, men på ein god måte». Dei individuelle oppgåvene førebudde deltakarane på den siste og viktigaste oppgåva, som skulle gjennomførast gruppevis. Alle gruppene fekk i oppgåve å skissera eit eksperiment som handla om samordning av tenester. Etter workshopen sit prosjektet igjen med sju forslag til eksperiment. Prosjektgruppa vil jobba vidare saman med tenestedesignarane med å velgja ut fem av desse eksperimenta som skal prøvast ut i organisasjonen.

StimuLab-prosjektet skal jobba med korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune, og varer ut 2019. Prosjektet nyttar tenestedesign som metode, der ein set brukaren i sentrum og ser på tenestetilbodet med utgangspunkt i brukaren sitt perspektiv. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor, administrert av Difi og DOGA.

Tekst og foto: Kristina Espeseth, prosjektleiar for StimuLab-prosjektet.