Statsministeren møtte engasjerte elevar på Brattholmen

Alle ville ha ein bit av statsminister Erna Solberg då ho besøkte klasse 3b på Brattholmen skule i dag . Ho tok seg tid til å dela klemmar til fleire av elevane.
– Eg maste mykje i timane som elev, måtte statsministeren vedgå.

Elevane skreiv brev til venskapsklassen på Stranda skule i Sund (3. kl.).  Statsministeren fekk sjå kva dei hadde skrive til elevane dei skal verta kjende med. I bakgrunnen, rektor Anja Solli.

Bakgrunnen for besøket er prosjektet Elev i Nye Øygarden der elevane i dei tre kommunane er inviterte til å engasjera seg i bygginga av den nye kommunen. Det er utarbeidd undervisningsopplegg i fire fag, klassane kan etablera kontakt med andre elevar som venskapsklasse, og det er laga i stand spennande konkurransar.

– Kjære statsminister, velkomen til oss! Vi går frå tre til eín kommune, Nye Øygarden kommune, og det gler vi oss til, sa elevane i kor då Erna Solberg kom inn i klasserommet nokre minutt over klokka 13 i dag.

Før statsministeren hadde funne vegen til klasserommet, møtte ho politikarar og rektor ved inngangen. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde på seg ordførarkjeda, og saman med varaordførar Tom Georg Indrevik og rektor Anja Solli vart statsministeren ønskt velkomen til Brattholmen skule.

Eitt av fleire tiltak i prosjektet er Plantekappleiken der klassane plantar ertespire og konkurrerer om kven som får plantene til å veksa best. Konkurransen startar denne veka med å leggja erter i vatn og så planta ertespira i jord.

–  Vi håpar du er med å heiar på oss og ønskjer oss lukke til, sa Martine til statsministren. Erna fekk æra av å leggja erter i vatn før konkurransen for alvor startar om eit par dagar.

Erna Solberg tømde erter i skåla for å gjera dei klare for planting seinare i veka.

Lærar Robert Hisdal orienterte om korleis klassen arbeider med Elev i Nye Øygarden. Klassane kan nytta undervisningsopplegg, delta som venskapsklasse, delta i konkurransen Plantekappleiken og i konkurransen om å tippa folketalet i den nye kommunen den 1. januar. Robert orienterte også om korleis Brattholmen skule i fleire år gjennom Annleisveka har arbeidd med at Sund, Fjell og Øygarden kommunar skal verta eín kommune frå nyttår av. Mellom anna skal elevane plukka ut favorittstaden sin i den nye kommunen.

– Min favorittplass er Liatårnet, sa ein av elevane.

Tankar om framtida

Alle skulane i dei tre kommunane er utfordra til å la eín elev halda eit innlegg/tale (Ted Talks). Elevane snakkar om framtida og eit bestemt tema. Pernille Sørensen i 6. trinn på Brattholmen skule hadde trafikksikring som tema.

– Det er utrygt å gå langs vegen i Arefjord fordi det ikkje er lys i lyktestolpane, og det manglar fortau. Derfor startar vi no med skulepatrulje. I framtida håpar eg at vi kan koma trygt til skulen eller til Straume utan at foreldra treng køyra oss, sa Pernille i videoen som vart vist for statsministeren.

Det er stas å verta fotograferte saman med statsministeren og lokale politikarar.

På Brattholmen skule har elevane i Bry deg-veka arbeidd med tema som omsorg, samarbeid, tolmod og hjelpsemd. Statsministeren vart utfordra på dette.

– Vi har ikkje alltid ein god dag, og det er viktig at vi ser kvarandre. Ved å snakka saman, jobba i grupper og samarbeida, kan vi læra av kvarandre, sa ho.

Likte ikkje gymnastikk

Statsminister Erna Solberg fekk mange spørsmål frå elevane. Mellom anna måtte ho svara på kva fag ho likte best og dårlegast og korleis det var å vera elev.

– Eg likte godt historie. Sjølv om eg dreiv med konkurransesymjing, likte eg ikkje så godt gym. Eg hadde leseproblem, og av og til krølla bokstavane seg litt mykje. Og så maste eg mykje i timane. Difor fekk eg eit eige skilt med teksten; – Eg er eit masebrett, sa Solberg.

Erna stilte også spørsmål til elevane.

I det heile tatt vart statsministeren utfordra på mange spørsmål. Det handla om korleis det var å vera statsminister, favorittmaten hennar, kvifor skulen startar så tidleg om morgonen, om skulenedlegging, Sotrasambandet, korleis ho var som tenåring, kva ho gjer i fritida og korleis det er å vera på TV.

Colin ville gjerne ha svar på kvifor ein ikkje kunne gjera meir lekser på skulen og dermed få meir leiketid heime.

– Vi har behov for å øva på faga. Det er jo litt opp til kommunen kor mykje lekser som skal gjerast på skulen eller heime. Ein kunne nok unngått at elevane får for mange lekser og innleveringar samstundes. Men eg kan ikkje seia eit klart ja på at vi skal droppa lekser heime, sa Erna.

Mot slutten fekk ho oppmuntrande ord frå ein av elevane.

– Eg vil berre seia at du er veldig grei og snill.

Klasse 3 d

Rektor Anja Solli takka for besøket.

– Eg er som rektor svært stolt i over elevane. Dei var glitrande. Og takk for det flotte besøket, sa rektoren til statsministeren.

Erna Solberg kvitterte med å seia at det var kjekt å sjå at det vert jobba med kommunesamanslåinga på denne måten.

– Det er imponerande, sa ho før elevane vart fotograferte saman med statsministeren og ho forlet skulen.

Det er travelt å vera statsminister. I morgon møter ho forbundskanslar i Tyskland Angela Merkel til politiske samtalar i Berlin.

Også FAU-leiar Hilde Røssland og politikarane Torill Selsvold Nyborg og Børge Haugetun var med på besøket.

Her er presentasjonen til lærar Robert Hisdal.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

Foto: Jøran Ingvaldsen