Startar opp arbeidet i arbeidsutvala

Komande veke skal to utval oppnemnd av fellesnemnda ha sine to første møte.

Utval for politisk styringsstruktur vert leia av Marianne Sandahl Bjorøy, medan Atle Dåvøy (til høgre på biletet til høgre) leiar utval for eigarskapsstruktur. Biletet til høgre er frå eit folkemøte i Øygarden våren 2016.

Tysdag den 7. november kl. 15.00 vert det møte i utval for politisk styringsstruktur. Dette utvalet skal gå gjennom den politiske styringsstrukturen i prosessen fram mot etablering av ny kommune. Dette utvalet skal også føreslå delegasjonsreglement for Nye Øygarden kommune. Utvalet vert leia av Marianne Sandahl Bjorøy.
Her kan du lesa innkalling og saksdokument.

Det andre utvalet som skal sjå på eigarskapsmodellar har sitt møte torsdag den 9. november klokka 09.00. Dette utvalet skal mellom anna finna framtidsretta og tenlege organisasjonsmodellar om eigarskap og utarbeida framlegg til eigarskapsmodellar som skal vera økonomisk berekraftige. Utvalet vert leia av Atle Dåvøy.
Her kan du lesa innkalling og saksdokument.

Møta vert haldne på Skjenet 2 på Straume.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland og Vigleik Brekke