Starta året og den nye kommunen med flott nyttårskonsert

Det er ikkje berre i Wien det er nyttårskonsert. Også den nye kommunen, Øygarden kommune, starta året med nyttårskonsert. Rundt 400 personar fekk ei flott oppleving i Hjeltefjorden Arena på Rong onsdag kveld, nyttårsdag.

Rong Brass

Ordførar Tom Georg Indrevik ønskte dei frammøtte velkomen og runda det heile av.

– Dette var ein fantastisk start på det nye året. Vi fekk akkurat den kvelden vi hadde håpa på. Det var også spesielt å få oppleva musikk for den nye kommunen, sa ordføraren og hadde i tankane songen «I det blå i æva – Øygardsljod» komponert og skrive av Tina Kvamme.

Konserten var delt inn i tre bolkar. Det starta med ein flott avdeling med Sund Brass og Sotra Brass. Her var Ben Hirons dirigent. Han var også gjestedirigent for Rong Brass denne onsdagen. Ben Hirons er til vanleg dirigent for Sotra Brass.

Sund Brass og Sotra Brass

I den andre bolken framførte Sotra Storband fleire kjende svingande låtar som My Way, That´s life og It´s alright with me. Her var Vegard Ingebrigtsen og Linda Farestveit vokalistar. Dei to hadde også ein duett. Dirigent for Sotra Storband er Stein Roseth.

Som avslutning var det klart for Rong Brass. Brassbandet har dette året passert 30 år. Den 21. mars er det klart for jubileumskonsert. Arvid Rong har leia brassbandet i 28 år.

– Eg tok over leiinga i 1991 utan å kunna ein einaste note. No er vi i toppen i 1. divisjon, og det neste store for oss er NM i februar. Eg håpar vi får ta med oss dette inn i den nye kommunen, sa Rong.

Rong Brass framførte mellom anna ein nydeleg versjon av Mitt hjerte alltid vanker med Birgitta Fjell Helleland som solist og Ørjan Matre som arrangør. Her var det også plass til korsong.

Vegard Ingebrigtsen

Tom Georg Indrevik oppmoda folk om å møta opp på dei arrangementa som står for døra fram til og med sundag 5. januar. Rundt to tusen personar har meldt seg på til korslaget og den offisielle opninga på laurdag 4. januar.

Her er programmet for opningsveka for den nye kommunen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Geir Jensen og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå konserten:

Ordførar Tom Georg Indrevik
Ben Hirons
Sund Brass og Sotra Brass
Stein Roseth
Linda Farestveit
Vegard Ingebrigtsen og Linda Farestveit
Arvid Rong
Birgitta Fjell Helleland