Søk om støtte til tiltak om å inkludera barn og unge!

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser ut midlar til tiltak for å inkludera barn og unge. For 2020 er fristen 13. desember.

Både offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om støtte. Døme på dette er kor, korps, organisasjonar og idrettslag. Med atterhald om endeleg vedtak i Stortinget, skal det fordelast 310 millionar kroner.

Søknadene må sendast via kommunen (dvs. Nye Øygarden kommune) gjennom søknadsportalen til Bufdir. Hugs å bruka organisasjonsnummeret til den nye kommunen: 922530890.

Frå 2020 er tilskotsordninga endra. Nytt namn på ordninga er «Nasjonal tilskotsordning for å inkludera barn og unge» (tidlegare «Nasjonal tilskotsodning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar».

Les meir om tilskotsordninga her

Kontaktperson i Nye Øygarden kommune: anna.nesje.nes@oygarden.kommune.no