Slik vert lokaliseringa av administrasjon og tenester

Prosjektrådmann Rune Lid presenterer no korleis administrasjon og tenester skal organiserast i Nye Øygarden kommune. Konklusjonen er teken etter at høyringsnotatet har vore på høyring og at det er gjennomført ei grundig drøfting i overordna styringsgruppe.

Lokaliseringsrapporten baserer seg på eit omfattande arbeid med brei involvering. Dei fem hovudprosjekta, representert av deltakarar frå kvar kommune, hovudtillitsvalde og hovudverneombod, har arbeidd fram forslag til lokalisering.

Prosjektrådmann Rune Lid seier at det har vore ei god drøfting i overordna styringsgruppe.

– Vi har imøtekome ein god del av innspela frå dei tillitsvalde. Eg registrerer at det er uro i barnevernet i Fjell kommune, og eg ser behov for å analysera desse problemstillingane ytterlegare. Det er også behov for å drøfta problemstillingane i barnevernet med barnevernsleiinga og Fylkesmannen, og gjennomføra ytterlegare prosessar og medverknad før endeleg val av lokalisering for barnevernet vert teke, seier Lid.

Det er etter innspel frå HTV i drøftingsmøte 31.oktober gjort meir greie for framlegg til modell for lokalisering av barnevernet enn det som vart gjort i høyringsrapporten. Dette framlegget kjem fram frå side 15 i dokumentet.

I innleiinga i dokumentet som går ut torsdag kveld seier Rune Lid at på generelt grunnlag er det viktig for han å presisera at det vert teke atterhald om eventuelle endringar dersom det i gjennomføringsfasen kjem fram uføresette faktorar som får konsekvens for lokaliseringa. For å kunna møta samfunnet sitt krav til kontinuerleg utvikling og omstilling er det nødvendig med fleksibilitet, kontinuerleg evaluering både med omsyn til organisering, lokalisering og oppgåvefordeling.

– Eg ønskjer å takka alle tilsette som har bidrege i arbeidet me dette, seier Rune Lid.

Etter høyringa og drøfting i overordna styringsgruppe 31.oktober er det gjort endring i lokaliseringa for følgjande tenester:

  • IKT (Drift)
  • Kompetanse (Utvikling)
  • Geodata og oppmåling (Plan, geodata og oppmåling)
  • Kultur
  • Arkiv

Følgjande tenester har fått oppdaterte tal arbeidsplassar etter høyring

  • Rus og psykisk helse sone sør
  • Plan, geodata og oppmåling
  • Kultur

Endringane kjem fram av tabellane og/eller teksten i dokumentet.

Her kan du lesa rapporten om lokalisering av administrasjon og tenester i Nye Øygarden kommune.