Sjå felles kommunestyre på nett-TV

Torsdag 17. januar er det felles kommunestyremøte for Sund, Fjell og Øygarden kommunar på Panorama Hotell & Resort i Sund. Møtet vert overført på nett-TV.

Frå felles kommunestyre på Panorama 21. juni 2017.


På dette møtet vert det drøfting av skuggebudsjett for dei tre kommunane og politisk debatt om den framtidige økonomiske situasjonen for den nye kommunen. Andre tema er kommuneplan for Nye Øygarden kommune og innlegg ved professor Håvard Haarstad som skal snakka om det regionale perspektivet og utfordringane for Nye Øygarden kommune i lys av Parisavtalen, fortetting og nullvekstmålet for trafikkvekst. I etterkant av foredraget vert det paneldebatt om dette temaet.

Nett-TV kan du sjå her.

 

Program:

Hovudtema: Økonomiutfordringar og kommuneplanarbeid i Nye Øygarden kommune

09.00 – 09.15 Innleiing ved ordførarane, Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

09.15 – 09.30 Føremålet med dagen ved prosjektrådmann Rune Lid

09.30 – 09.45 Pause

09.45 – 10.15 Presentasjon av skuggebudsjett ved prosjektrådmann Rune Lid

10.15 – 11.15 Politisk debatt kring den framtidige økonomiske situasjonen ved ordførarane. Vidare oppfølging/arbeid med budsjett i 2019 og budsjett/økonomiplan 2020-2023

11.15 – 11.30 Innleiing om kommuneplan i Nye Øygarden kommune ved kommunalsjef Kultur og samfunn Råmund Skjold

11.30 – 12.15 Status kommuneplanar i dagens kommunar ved kommunalsjef Tekniske tenester og samfunnsutvikling Råmund Skjold (Øygarden kommune), leiar Areal Ole Karsten Midtgård (Sund kommune) og avdelingsleiar Plan Lena Garnes (Fjell kommune)

12.15 – 13.15 Lunsj

13.15 – 16.00 Bærekraftig samfunnsutvikling ved professor Håvard Haarstad, senterleder for Senter for klima og energiomstilling (CET) UIB

  • Haarstad sin forskingsaktivitet handlar om byutvikling og byane si rolle i klima- og energiomstillinga. Haarstad har skrive og halde foredrag om byar og planlegginga si rolle i klima- og energiomstillinga. Han er utfordra på å snakke om det regionale perspektivet og Nye Øygarden kommune sine utfordringar og moglegheiter i lys av Parisavtalen, fortetting og nullvekstmålet.
  • Paneldebatt og oppsummering, leia av Vigleik Brekke, informasjonsleiar Fjell kommune