Signerte avtale til ein verdi av 13 milliardar kroner

I dag signerte ordførarar, byråd, fylkesordførar og representantar for staten ein avtale som vil sikra 13 milliardar kroner i samferdsleinvesteringar i bergensområdet fram til 2029. Før alt er på plass, skal avtalen godkjennast i kommunestyra og til sist av regjeringa.

Ordførar Tom Georg Indrevik signerer avtalen på vegner av den nye kommunen.

For den nye kommunen i vest inneber avtalen ei total ramme på 400 millionar kroner i investeringar over 10 år. Investeringane er portefølgjestyrt. Dette inneber at dei prosjekta som har best måloppnåing, vert prioriterte. Eit hovudmål med avtalen er å sikra nullvekst i privatbilisme. Dette inneber at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gange (nullvekstmålet).

Ordførar i Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik underteikna på vegner av den nye kommunen. Med seg i forhandlingane har han hatt ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, og kommunalsjef for Kultur og samfunn i Nye Øygarden kommune, Råmund Skjold.

– Eg går for avtalen, og tilrår kommunestyret å godkjenna avtalen som ligg føre. Det er viktig å hugsa på at eit nei til avtalen har sine konsekvensar, seier Indrevik.

Også gruppeleiar i Arbeidarpartiet og ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, seier at avtalen har vorte endra til det betre og at dette er det ein kunne få til. Ho legg likevel eit aldri så lite press på fleirtalspartia i kommunestyret.

– Arbeidarpartiet vil nødvendigvis ikkje hjelpa posisjonen til å få avtalen i hamn, seier ho. Ho forventar at posisjonen samla sluttar seg til avtalen.

Fylkesmann Lars Sponheim var der også. Han gav oss på sidelinja også denne gongen ein munter kommentar.

– Dette er det mest kostbare signering eg har vore med på.  Vel, jordbruksavtalane låg nok på same nivå, sa han då han hadde tenkt litt nærare over det.

– Stort ansvar på kommunestyra

Då avtalen skulle signerast, fekk kvar kommune eit par minutt til å seia nokre velvalde ord om avtalen.

– Nødvendigvis er det ikkje slik at alle er like happy med resultatet. Det ligg no eit stort ansvar på kommunestyra og bystyret som skal behandla avtalen. Dette fellesskapet vi har hatt i forhandlingane er viktig i seg sjølv, sa Tom Georg Indrevik.

Frå venstre; Råmund Skjold, Rune Lid, Torill Selsvold Nyborg, Tom Georg Indrevik og Marianne Sandahl Bjorøy.

Statssekretær i samferdsledepartementet Anders B. Werp (H) la ikkje skjul på at detthar vore krevjande forhandlingar.

– Forventningane har vore store og det er stilt store krav. De har klart å finna gode løysingar for heile bergensregionen, med både kortsiktige og langsiktige målsetjingar. Eg vil retta ei takk til dykk, spesielt til kommunane for at det har klart dette. Eg gler meg til å lesa gjennom avtalen, sa statssekretæren.

Avtalen skal til behandling i kommunestyra/bystyret og til slutt behandlast av regjeringa. Dei kommunane som har vore med i forhandlingane har vore Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Nye Øygarden. Dei andre som skreiv under avtalen i dag, var Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen, Jernbanedirektøren og leiar av forhandlingsutvalet (på vegner av vegdirektøren), Bjørne Grimsrud.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa:

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Siv Hølgtun (ordførar i Askøy), Jon Askeland (fylkesordførar Vestland fylke), Sara Sekkingstad (ordførar i Alver), Trine Lindborg (ordførar Bjørnafjorden kommune), Thor Haakon Bakke (byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune), Anders B. Werp (statssekretær i samferdsledepartementet), Tom Staahle (statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet), jernbanedirektør Kirsti Slotsvik, fylkesmann Lars Sponheim og leiar av forhandlingsutvalet, Bjørne Grimsrud.
Fylkesmann Lars Sponheim skriv under avtalen.
Tom Georg Indrevik
Statssekretær Ander B. Werp
Fylkesordførar Jon Askeland
Tom Georg Indrevik