I samband med samanslåing av Sund-, Fjell- og Øygarden kommunar må adressesystemet samordnast for å få eit eintydig adressesystem i Nye Øygarden kommune. På bakgrunn av dette føreslår prosjektrådmannen at totalt 64 adressenamn vert endra. Saka er behandla i fellesnemnda 18. juni 2018.
Lovverket er tydeleg når det gjeld tildeling av adresser. Her står det klart at adressesystema skal samordnast ved samanslåing, og at adressenamn skal være eintydig i kommunen.
Eit eintydig adressesystem er ein viktig føresetnad for at ei rekkje av tenestene som kommunen og andre aktørar skal yte vert leverte på ein tilfredstillande måte. Det viktigaste er at naudetatane/utrykkingskøyretøy skal finne raskt fram. Verdifulle minutt og i verste fall kan liv gå tapt dersom det er tvil om ei adresse.
Arbeidet med å endre adressenamn er omfattande og krevjande, og det kan vere vanskeleg å ta stilling til kva for adressenamn som bør endrast og kva som skal bestå. Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune har i dette arbeidet vektlagt fylgjande kriterium:
- Prioritere vegar/adresseparsellar med mange adresseeiningar, slik at færrast mogleg må endre adresse.
- Prioritering av adressenamn med tilknyting til gamle gardsnamn og/eller stadnamn, og veletablerte namn som mange har sterk/lang tilknyting til.
- Prioritering av namn som vert ofte brukt av mange, t.d. adressenamn knytt til stader med næringsverksemd og/eller offentleg verksemd.
- Prioritering av adressenamn som høyrer saman (nordre, søre osv.)
- Prioritere å slette små/korte vegparsellar med eige adressenamn som enkelt kan endrast/ omadresserast til tilstøytande veg.
Første steg i arbeidet med å samordne adressesystema er å vedta kva adressenamn som skal endrast. Etter vedtak i fellesnemda vil det bli starta prosess med å tildele nye adressenamn på vegane som må endre namn. I dette arbeidet ønskjer kommunen innspel/forslag frå aktuelle lag, organisasjonar og grunneigarar i adresseringsområdet, til nye adressenamn. Eige brev med informasjon vert sendt til huseigarar i dei aktuelle vegane.
Når nye namn er vedtekne vert dei førte i matrikkelen og distribuert vidare til folkeregisteret, bankar, forsikringsselskap og andre store adressebrukarar. Du må sjølv informere andre som treng å kjenne til adressa di, og huseigarar har plikt til å informere eventuelle leigetakarar.
Adressenamn- og tilvisingsskilt vert sett opp samstundes med at adressenamnet formelt vert endra, og de vil få utlevert nytt husnummerskilt (standard type) dersom også husnummeret må endrast.
Kontaktinformasjon
Vis til kva sak det gjeld ved kontakt med kommunen; opplys om vegnamn/vegkode og gnr/bnr.
Fjell kommune
Telefon 55 09 60 00, e-post: postmottak@fjell.kommune.no
Postadresse: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume
Sund kommune
Telefon 56 32 75 00, e-post: postmottak@sund.kommune.no
Postadresse: Sund kommune, Postboks 23, 5371 Skogsvåg
Øygarden kommune
Telefon 56 38 20 00, e-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Postadresse: Øygarden kommune , Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Adressenamna som skal endrast
I samband med samordning av adressesystemet i Nye Øygarden kommune er det vedteke, i sak 47/18, at desse adressenamna skal endrast:
Fjell kommune
Adressenamn | Stad |
---|---|
Austrevegen | Vindenes/Barneshaugen |
Bergtun | Søre Ekrhovda |
Dalen | Turøyna |
Dalavegen | Algrøyna |
Fagrebakken | Snekkevika |
Fagredalvegen | Skålvika |
Garen | Turøyna |
Hagardsvegen | Ågotnes |
Haugarvegen | Algrøyna |
Haugen | Straume |
Hellemyrvegen | Bjorøyna |
Kvednaviksvegen | Misje |
Linhaugen | Lokøyna |
Lynghaugen | Brattholmen |
Myro | Turøyna |
Rognevegen | Straume |
Sanden | Landro |
Sletto | Li |
Storsteinsvegen | Fjell |
Varden | Misje |
Vestrevegen | Vindenes/Barneshaugen |
Sund kommune
Adressenamn | Stad |
---|---|
Bergvegen | Hammarsland |
Brøta | Hammarsland |
Gjerde | Øvretveit |
Gjerdevegen | Vorland |
Haugaseto | Kårevika |
Krekebærvarden | Glesnes |
Kvednavegen | Vorland |
Kverndalen | Lerøyna |
Liavegen | Sund prestegard |
Myravegen | Kausland |
Neset | Skoge |
Nordavika | Sund prestegard |
Porsvegen | Forland |
Porsneset | Forland |
Rindane | Kleppe |
Sjøvegen | Eide |
Storhaugen | Skaga |
Stølen | Sund prestegard |
Vardevegen | Kausland |
Vågsbotn | Forland |
Øygarden kommune
Adressenamn | Stad |
---|---|
Berget | Blomvåg (Måken) |
Gjerdet | Nordre Sæle |
Haugevegen | Hernar |
Ingjervegen | Vik |
Knappen | Hellesøy |
Kvernneset | Torsvik |
Kyrkjevegen | Blomvåg |
Murane | Hernar |
Nesvegen | Nautnes |
Nesevegen | Torsvik |
Nygardsvegen | Rong |
Rinden | Breivik |
Sjøvegen | Vik |
Skaret | Hernar |
Storevarden | Rong |
Storhøyen | Hellesøy |
Sælevegen | Nordre Sæle |
Sæløyvegen | Sæløy |
Tjødnarvegen | Rong |
Torvvikvegen | Torsvik |
Varden | Oen |
Vågevegen | Torsvik |
Sørheimsvegen | Alvheim |