Samordnar gebyra for den nye kommunen

Fellesnemnda vedtok i dag å setja ned ei administrativ arbeidsgruppe som skal utarbeida et framlegg til nytt reglement og nye satsar for dei tekniske tenestene i den nye kommunen. Det vart også vedteke å setja ned ei politisk referansegruppe på seks medlemer, to frå kvar kommune.

Frå møtet i fellesnemnda 19. februar.

I framlegget til vedtak var det føreslått å setja ned ei administrativ arbeidsgruppe. I debatten i fellesnemnda vart det gjeve støtte til dette, men det kom også klart til uttrykk at dette var ei politisk sak og at det var nødvendig med politisk medverknad i arbeidet med å leggja fram forslag til nytt reglement for dei tekniske tenestene i den nye kommunen. Det vart difor samrøystes vedteke å setja ned ei politisk referansegruppe i tillegg til den administrative arbeidsgruppa. I dette arbeidet skal ein også avdekka forholdet til eksisterande sjølvkostfond.

I saksutgreiinga går det fram at når dei tre kommunane går saman til ein, krev det ei samordning slik at alle innbyggjarane i den nye kommunen får eit felles gebyrreglement med felles satsar. Det tekniske tenestene her er definert som areal- og reguleringsplanar, byggje- og delesaker, kart- og oppmålingssaker, miljø- landsbrukssaker og vatn, feiing, avlaup og renovasjon. Framlegget til nytt reglement skal ha gjeldande reglement- og takstsystem i dei tre kommunane som referanse, men gruppa står fritt til å koma med eit nytt forslag basert på alternative kriterium. Målet er at nytt reglement- og takstsystem vert vedteke hausten 2018.

Arbeider med å etablera felles NAV-kontor

Fellesnemnda gav prosjektleiar og rådmennene i dei tre kommunane oppgåve med å utarbeida eit mandat for arbeidet med å etablera eit felles NAV-kontor. Fylkesdirektør i NAV Hordaland har i brev bedd om at det så raskt som mogleg vert starta eit prosjekt med sikte på å slå saman dei tre NAV-kontora i regionen.

I utgreiinga viser prosjektleiar til intensjonsavtalen der det vert lagt vekt på prinsippa om nærtenester og publikumsretta tenester. Dette skal ein sjå i lys av funksjonar som bibliotek, publikumsretta del av NAV, servicekontor og tenestekontor.

I vedtaket heiter det at mandatet skal inkludera prosess, milepelar og tidsplan for eit framtidig NAV-kontor i Nye Øygarden kommune. I tillegg til innstillinga frå prosjektleiar vart det lagt til to nye punkt. Mandatet skal ha med eit punkt som inneheld kartlegging av ulike IKT-system som NAV i dag nyttar. Mandatet må også innehalda forslag til ny digital struktur og forslag til implementering av føreslåtte strukturar. Utkastet til mandatet vert presentert på møtet i fellesnemnda i april.

IKT og infrastruktur, statusrapport for samordna løysingar og system

Leiar i arbeidsgruppa som arbeider med IKT og infrastruktur, samordna løysingar og system, Jørgen Kausland, gav status for arbeidet. Arbeidsgruppa arbeider etter tilrådingar frå KS (interesseorganisasjonen til kommunane) sine tilrådingar og har kartlagt kva område ein må ta stilling til i samsvar med rapporten «Digitale konsekvensar av ei kommunesamanslåing».

Målet er at Nye Øygarden kommune skal ha gode digitale løysingar, både publikumsretta og i tenesteyting. Det er eit overordna mål at ein teknisk grunnmur er på plass i løpet av september 2018. Det er også eit mål å utvikla å gjera grunnmuren klar for å ta imot tenester frå desember 2018. Fellesnemnda tok saka til orientering. Under drøftinga av saka gav fleire av medlemene ros for at gruppa var kome godt i gang med arbeidet.

Oppdatert milepelsplan

Fellesnemnda tok dei siste oppdateringane av milepelsplanen til orientering. Milepelsplanen skal mellom anna sikra framdrift i kommunereformarbeidet. Planen vert drøfta med rådmennene før oppdatert plan vert presentert på det neste møtet i fellesnemnda. Willy Sørensen hadde ein gjennomgang av planen og opplyste at det vert arbeidd med å gjera milepelsplanen meir oversiktleg.

Frå venstre; Espen Harkestad, Børge Haugetun, Paul J. Manger, Kari-Anne Landro og Silvia Haugland.

Referansegruppe til arbeid med endring av adressenamn

Det vart vedteke å setja ned ei politisk referansegruppe samansett av leiargruppa (dei tre ordførarane) og Olav Kobbeltveit knytt til arbeidet med å etablera eit samordna adressesystem for Nye Øygarden kommune. Les meir om saka her (frå sist møte i fellesnemnda).

Møtet vart overført på nett-TV. Her er opptak frå møtet den 19. februar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke