Samarbeider om friluftsliv

Nærare 30 personar møtte opp på friluftslivsforum i lokala til RAN Seilforening måndag kveld. Arrangementet vart gjennomført som eit samarbeid mellom Bergen og Omegn Friluftsråd (BOB) og dei tre kommunane i regionen.

Kvelden vart avslutta med gruppearbeid. Det vart stilt spørsmål om kva friluftsforumet kan gje i den nye kommunen og korleis ein kan arbeida saman for å utvikla felles kystpass og felles turkart.

 

 

Både turlaga og BOB presenterte arbeidet sitt, og det er semje om at engasjementet for friluftsliv vert styrkt med auka samarbeid. Det er fire turlag i dei tre kommunane. På møtet måndag kveld vart det opplyst at Fjell Turlag og Sund Turlag har drøfta samarbeid.

Turid Espeskog i Sotra Øygarden Turlag ønskte også å delta i samarbeidet.

– Personleg tykkjer eg det er litt råflott med fire turlag, to i Fjell og eitt i kvar av dei andre to kommunane. Også vi ønskjer å vera med i diskusjonen om samarbeid. Er det opning for samarbeid som endar opp med eitt eller to turlag, var spørsmålet som Espeskog stilte til dei som hadde møtt fram på samlinga.

Turid Espeskog

Felles kystpass og turkart

Rådgjevar hjå Kultursjefen i Fjell, Linn-Christin Torgersen, styrte ordet denne kvelden. Ho understreka at friluftsforumet ikkje er eit kommunalt forum, men eit forum for aktørar og personar med interesse for friluftsliv. Rolla til kommunane er å leggja til rette for eit slikt møtepunkt.

Eit sentralt tema på samlinga var å gje status for planane om felles turkart og kystpass i den nye kommune. I Sund er allereie kystpass innarbeidd. No ser friluftsfolket for seg at det kan lagast turkart og kystpass for Nye Øygarden kommune. Ifølgje Torgersen vil turpass truleg verta ein realitet i 2019. Det kan ta noko lengre tid før eit felles turkart er på plass. No handlar det om å etablera arbeidsgruppe(r) som skal realisera planane.

Leiar i utval for lokaldemokrati og identitet for Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, orienterte om status for arbeidet i gruppa.

– Det skjer mykje i kommunane, og kulturen skal vera identitetsskapande. Det skjer mykje spennande her ute, men vi treng å få endå meir informasjon om dette ut til innbyggjarane. Det er ikkje vi som skal gjennomføra arbeidet med samarbeid om friluftsliv, men vi kan leggja til rette for det, sa Indrevik. Også ordførar i Sund, Kari-Anne Landro var til stades på samlinga.

Runhild Rokkan i Sund Turlag orienterte om kva tilbod turlaget allereie har etablert. I 2018 er det 17 turmål i kystpasset. Elles er det ei rekkje aktivitetar i laget. Det same kunne Liv Edel Mikkelsen i Øygarden fortelja om. I Øygarden er det 60 kilometer med GPS-merkte løyper. Øygarden Turlag vart stifta i mars 2014.

Mr. Bergen og Omland Friluftsråd

Åge Landro har vore dagleg leiar i Bergen og Omland friluftsråd i mange år og rundar av i løpet av 2018. Men det manglar ikkje på glød og entusiasme når Landro får ordet. Han viste til ei rekkje kulturperler i dei tre kommunane i regionen og kor mykje ressursar som må til for å driva dette arbeidet som 17 kommunar står saman om. 16 tilsette står for dette (70 står på lønningslista!).

Åge Landro

– Berre for å vedlikehalda bygninga og området på Hissøyna er det sett av ressursar to dagar i veka, sa Landro som også var svært glad for at Geitvika er sett av til friluftsområde på Søre Straume.

Landro viste også til det store engasjementet for strandrydding dei siste åra. Han var ikkje berre pessimistisk.

– Etter å ha sett utviklinga når det gjeld boss i naturen, vil eg seia at det faktisk er vorte litt betre, sa Landro.

 

Då kom det ikkje heilt uventa eit kommentar frå siste benk.

– Det er ikkje godt nok. Røysta høyrte til Kenneth Bruvik.

Samlinga måndag kveld vart avslutta med gruppearbeid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga:

Kvelden vart avslutta med grupparbeid der det vart stilt spørsmål om kva eit friluftslivforum kan gje i den nye kommunen og korleis ein kan arbeida saman om felles turkart og kystpass.

 

 

Tom Georg Indrevik
Runhild Rokkan
Linn-Christin Torgersen

Liv Edel Mikkelsen