Rune Lid vert rådmann i Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda vedtok i dag å tilsetja Rune Lid (51) som rådmann i Nye Øygarden kommune. Vedtaket vart gjort samrøystes. Rune Lid er i dag prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune og rådmann i Sund.

Rune Lid

Fellesnemnda følgde ei samrøystes innstilling frå tilsetjingsnemnda. Fram til januar 2020 vert han prosjektleiar for Nye Øygarden kommune.

Rune Lid møtte fellesnemnda like etter at møtet vart heva.

– Eg takkar for tilliten. Vi står framfor ein krevjande jobb. Eg skal gjera alt det som står i mi makt for å byggja den nye kommunen. Eg trur det er bra for organisasjonen at det er avklart kven som skal vera rådmann i den nye kommunen. Det er viktig at den nye rådmannen vert med i prosessen med å tilsetja kommunalsjefane, seier Rune Lid.

På møtet i fellesnemnda orienterte leiar Børge Haugetun om prosessen med å tilsetja rådmann. Tilsetjingsutvalet samarbeidde med rekrutteringsselskapet Headvisor, og det vart gjennomført to intervjurundar. Haugetun sa at ein var priviligert i og med at fem kandidatar var kvalifiserte til stillinga. Dermed var det ikkje mangel på kandidatar. For vel ei veke sidan stod utvalet igjen med to kandidatar; Rune Lid og ein av søkjarane som hadde fått innvilga søknad om at namnet ikkje skulle offentleggjerast.

– Rune Lid leverte to knallsterke intervju. Han har personlege eigenskapar, gode referansar og fagleg tyngde med høgare utdanning. Rune Lid har også rådmannserfaring, og når me ser på kva han har utretta sidan mars, har prosjektet gjort eit kvantesprang. Han oppfyller alle kravspesifikasjonane som er lista opp for stillinga, sa Haugetun.

Leiar av fellesnemnda og tilsetjingsnemnda, Børge Haugetun, gratulerte Rune Lid med rådmannsstillinga.

Dei i fellesnemnda som tok ordet, slutta opp om arbeidet tilsetjingsnemnda hadde gjort og at det var gjort ein grundig jobb.

Tilsetjingsnemnda har vore samansett av dei tre ordførarane, ein representant frå fellesnemnda og tre representantar frå dei tillitsvalde.


Tekst og foto: Vigleik Brekke