Rosa regionen for handlekraft

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland rosa kommunane for handlekraft under oljekrisa, då ho var første føredragshaldar på Øygardenkonferansen i dag. Vel 200 deltakarar frå næringslivet, kommunane og andre aktørar er samla på Panorama Hotel & Resort.

Monica Mæland

– Kommunane handterte oljekrisa på ein skikkeleg og grundig måte. Denne regionen er svært handlekraftig og brukte verkemiddelapparatet. Det er grunn til å gje ros til dei tre kommunane som stod på slik at de kom gjennom den utfordrande situasjonen, sa statsråden men minna likevel om at det vert trongare tider og stramare handlingsrom.

Monica Mæland var tydeleg på at samfunnet står framfor store utfordringar. Mellom anna minna ho om at vi vert stadig fleire eldre.

– Problemet er ikkje fleire eldre, men at vi vert færre yngre sysselsette. Vi må leggja til rette for busetnad og vekst i heile landet. Det må skapast ein utviklingskultur der vi tek med oss det beste frå dei tre kommunane samstundes som vi kan gjera noko heilt nytt, sa ministeren og råda alle involverte til å vera rause med kvarandre.

Treng bærekraftige kommunar

I dag er det 422 kommunar i landet. Etter at kommunereforma er gjennomført, vil det vera 356 kommunar. Dei fleste vil likevel ha mindre enn fem tusen innbyggjarar.

– Den nye kommunen her ute vert ein stor kommune med meir enn 35 tusen innbyggjarar. Skal vi skapa bærekraftig velferd, er vi avhengige av bærekraftige kommunar, sa Monica Mæland.

Dei tre ordførarane i regionen var på plass. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund).

Eksepertkommentator Johan Kaggestad snakka om leiing og samspel for å utvikla ein kommune for framtida. Han

Spesialrådgjevar i Sintef, Tore Nilssen, snakka om innovasjonspotensialet i kommunal sektor, medan Sebastian Bringsværd, som er leiar i forretningsutvikling i New Energy Solutions, Equinor, og Sturle Bergas, plassjef i Equinor, innleia om det grøne skiftet.

Det var også debatt med tema «Øygarden 2030» og korleis samarbeid og delingskultur byggjer Vestlandet for framtida». Konferansen vart avslutta med årsfesten for Vest Næringsråd. Nye Øygarden kommune er samarbeidspartnar til konferansen.

Delte ut 450 tusen kroner (inklusive filmstøtte på 225 tusen kroner)

Vest Næringsråd forvaltar gåvemidlar løyvd av Sparebanken Vest til regional næringsutvikling gjennom Stormfondet. På konferansen vart det delt ut 100 tusen kroner til tre søkjarar og 50 tusenkroner til tre søkjarar.

Desse fekk 100 tusen kroner (+ filmverdi kr. 75 tusen kroner): Her er de tre som er «nominert» til hovedprisen, kr. 100.000,- + filmverdi kr. 75.000:  Scalmarin AS,   Scandinavian Reach Technologies AS og NovuMare AS.
Desse fekk 50 tusen kroner: Software Controll AS, Brazfit AS og Hydraulic Production & Services AS.

Prisutdelingar

På årsfesten torsdag kveld vart det delt ut prisar. Ein ny heiderspris «Årets fyrtårn» vart tildelt Kåre Bjorøy i Sartor Maskin, medan prisen «Årets bedrift» vart tildelt Sotra Bil som fyller 30 år dette året. Dei andre kandidatane til «Årets bedrift» var Fabtech, Brias, Solid Vedlikehold og Tekslo Seafood. «Beste bilete» sendt inn på appen for konferansen gjekk til Tore Gatland Kleppe.

Kåre Bjorøy

 

 

 

 

 

 

Sotra Bil vart «Årets bedrift»

 

 

 

 

 

 

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå konferansen: