Prosjektrådmannen legg fram sak om administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) skal fredag den 8. mars behandla prosjektrådmannen sitt framlegg til administrativ organisering nivå eín og to. Han rår både PSU og fellesnemnda, som har saka på bordet måndag den 11. mars, til å ta saka til orientering.

Prosjektrådmann Rune Lid legg no fram sak om administrativ organisering.

I saksutgreiinga går det fram at prosjektrådmannen har gjort nokre endringar i forhold til høyringsdokumentet basert på innkomne høyringsuttalar.

Prosjektrådmannen har forståing for arbeidstakarane sine synspunkt om at høyringsfristen var kor kort. Han viser til at alternativet ville vore å utsetja møta i PSU og fellesnemnda. Utsett frist ville fått konsekvens for tidsplanen når det gjeld plassering av leiarar og andre tilsette. Prosjektrådmannen valde difor å halda på den opphavleg høyringsfristen. For å kompensera litt for den korte fristen vart høyringsdokumentet sendt ut ein arbeidsdag tidlegare enn annonsert.

Reduserer talet på leiarar

Organiseringa som ligg føre viser ein reduksjon av talet på leiarar med full delegasjon frå 140 til 87. Dette vert grunngjeve med at tre kommunar vert ein og konsekvensar av organiseringa i ein to-nivå modell. Det har vore viktig for prosjektrådmannen å halda talet på leiarar på nivå eín og to så lågt som mogleg, men samstundes forsvarleg for å få ein effektiv, handlekraftig og framtidsretta organisasjon som er berekraftig økonomisk.

Robuste einingar

Det har vore gjennomgåande i heile prosessen at dei fleste fagmiljøa ønskjer å vera samla i eiga eining, direkte knytt til nivå eín. Prosjektrådmannen har lagt meir vekt på større, robuste einingar med tverrfaglege miljø som samhandlar og sikrar heilskaplege tenester, og mindre vekt på små og reindyrka fagmiljø.

Mange av høyringsuttalene handlar om at delprosjekta sine tilrådingar ikkje er teke omsyn til fullt ut i rapportane til hovudprosjekta eller i høyringsdokumentet frå prosjektrådmannen. Prosjektrådmannen skriv i saksutgreiinga at det er viktig å understreka at ei viktig oppgåve frå hovudprosjekta var å sjå delprosjekta i ein heilskapleg samanheng innafor kvart kommunalsjefområde.

Elles meiner prosjektrådmannen at oppretting av stillingar som assisterande kommunalsjefar stettar behovet for å kompensera utfordringa med det store kontrollspennet som er i kommunalsjefområdet Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn. E

Vegen vidare

Den vidare framdrifta er at assisterande kommunalsjefar og leiarar på nivå to skal rekrutterast/plasserast seinast 30. april 2019, og alle medarbeidarane skal vera rekruttert/plassert før sommaren. Lokalisering skal vera avgjort seinast innan utgangen av oktober.

Leiarane på nivå to skal saman med kommunalsjefane utføra ei rekkje oppgåver før 31. desember 2019. Ei av oppgåvene i gjennomføringsfasen er å byggja resten av organisasjonen, med mellom anna avdelingar og avdelingsleiarar der det er behov for det. Når endeleg organisasjonskart er klart, vert det utarbeidd delegeringsreglement.

Prosjektrådmannen konkluderer med at organiseringa vil gje grunnlag for at den nye kommunen vil verta ein godt organisert kommune, med tydelege roller, ansvar og gode tenester til beste for dei tilsette og innbyggjarane.

Andre saker i fellesnemnda (11. mars)

  • MOT i Nye Øygarden kommune
  • Årsmelding for Nye Øygarden kommune 2018

Saka vert behandla i PSU fredag 8. mars kl. 09.00, og i fellesnemnda måndag 11. mars klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til partssamansett utval.

Her er innkalling med saksdokument til fellesnemnda. Møte i fellesnemnda vert vist på nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke