Prioriterer godt arbeidsmiljø

Tilsette i Helsestasjon- og skulehelsetenesta i dei tre kommunane som skal slå seg saman, har hatt felles samling der ein har hatt fokus på arbeidsmiljø. Det arbeider ein solid gjeng både i Sund , Fjell og Øygarden.

Tilsette i Helsestasjon- og skulehelsetenesta i dei tre kommunane

Hovudoppgåva vår er å driva med førebyggjande helsearbeid. Det er ein stor gjeng med  helsesøstrer, jordmødrer, legar, miljøarbeidar, familierettleiar og sekretærar som står på for at innbyggjarane i kommunane skal få rettleiing og hjelp når dei treng det.

Vi er vane med å vera ute i god tid og førebyggja. No har vi hatt fokus på eige arbeidsmiljø i to dagar. Det var svært lærerikt og interessant. For at vi skal kunne hjelpa andre må vi ha det bra sjølv.

På samlinga arbeidde vi med utfordringar vi såg for oss kunne oppstå ved samanslåing. Samstundes var ein oppteken av korleis ein skulle løysa dei. Prosessen i gruppa var det viktigaste. Ein vart betre kjend med kvarandre og det vart mykje humor og underhaldning om kvelden. Dersom ein treng deltakarar til revyar eller teaterlag i den nye kommunen er det berre å ta kontakt med dei tilsette i tenesta vår.

Berit Algrøy, leiande helsesøster Fjell kommune