Presenterer hovudlinjene i budsjettet

På kommunestyremøtet på torsdag den 21. november skal prosjektrådmann Rune Lid presentera hovudlinjene i budsjettet for 2020 for den nye kommunen. Budsjettet med detaljar vert sendt ut måndag 25. november.

Det nye kommunestyret. Biletet er teke på det konstituerande møtet den 24. oktober.

Budsjettet står også på dagsorden i formannskapet den 2. desember. Formannskapet vil då vedta å leggja budsjettet ut til offentleg høyring. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 19. desember.

På kommunestyremøtet komande torsdag skal det også vedtakast etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Øygarden kommune. Utval for politisk styringsstruktur har sidan januar 2018 arbeidd med etiske retningslinjer. Det er teke utgangspunkt i retningslinjene til Sund kommune, men også dei etiske retningslinjene til Øygarden og Fjell har vore ein viktig del av drøftingane. Prosjektrådmannen meiner at temaet seksuell trakassering burde kome tydelegare fram i retningslinjene. Dette er synleggjort ved at dette temaet er teke med i ekstra avsnitt der det går fram at «I Øygarden kommune er det null toleranse for seksuell trakassering, og et vert ikkje tolerert at tilsette eller folkevalde vert utsette for slik maktbruk.»

Andre saker i kommunestyret den 21. november:

  • MOT i nye Øygarden kommune, styringsstruktur
  • Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Øygarden kommune
  • Politisk delegeringsreglement
  • Reglement for møte i folkevalde organ
  • Harmonisering av satsar for økonomisk sosialhjelp
  • Utkast til møteplan for 1. halvår 2020 for folkevalde i
  • Øygarden kommune
  • Språkbruksplan for Øygarden kommune
  • Val av administrasjonsutval for perioden 2019-2023
  • Val av eldrerådet for perioden 2019-2023
  • Val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne, for perioden 2019-2023
  • Val av ungdommens kommunestyre (UKS)
  • Val av kommunalt medlem og varamedlem til Øygarden
  • Val av representantar til Vestland vassregionutval og vassområdeutval 2019 -2023
  • Søknad om fritak frå politisk verv i kommunestyret og formannskapet
  • Økonomiske vilkår for folkevalde for perioden 2019-2023
  • Interpellasjonar og spørsmål

Kommunestyremøtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00. Møtet startar ved at prosjektrådmann Rune Lid orienterer om budsjettet for 202. Det vert informasjon om MOT, byvekstavtalen og skuleprosjektet Elev i Nye Øygarden.

Møtet vert overført på nett-TV.

Frå klokka 09.00 til 14.00 er det folkevaldopplæring.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.