Presenterer framlegg til omstillingsavtale

Til møtet i partssamansett utval (PSU) den 22. mars ligg det føre framlegg til omstillingsavtale.

Frå møtet i partssamansett utval den 21. november i fjor.

 

Ei arbeidsgruppe leia av Kaja Pedersen har utarbeidd avtaleutkastet. Avtalen regulerer arbeidsgjevarpolitiske spørsmål og utfordringar i samanslåingsprosessen fram til nytt kommunestyre er konstituert i den nye kommunen. I framlegget heiter det at når den nye kommunen er etablert som eige rettssubjekt frå 1. januar 2020, trer den nye kommunen inn i denne avtalen.

Omstillingsavtalen legg til grunn at kommunesamanslåinga inneber verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljølova der alle dei tilsette vert overførte til Nye Øygarden kommune frå 1. januar 2020. Alle tilsette i Sund, Fjell og Øygarden har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få reduksjon i løna si. Ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og arbeidsstad.

Omstillingsavtalen regulerer prinsipp for plassering av leiarar og tilsette. Ved einingar som vidareført utan vesentlege endringar inn i ny kommune, vert noverande leiar i stillinga si i den nye kommunen.

Representasjon i arbeidsgrupper

På møtet i PSU den 10. januar vart det vedteke å oppretta arbeidsgrupper innan området arbeidsgjevarpolitikk. I saksframlegget var det lagt opo til at arbeidsgruppene vert samansett av tre representantane frå hovudsamanslutningane og tre frå arbeidsgjevar.

Arbeidstakarorganisasjonane fekk ikkje fleirtal på møtet i januar for eit forslag om at eín frå kvar hovudsamanslutning, med minst eín frå kvar kommune , vert representert i arbeidsgruppene. No ber arbeidstakarorganisasjonane om at saka vert teken opp igjen. Det vert vist til protokoll i hovudavtalen om at alle forhandlingssamanslutningar som er «berørte» som hovudregel skal vera representerte i administrative partssamansette arbeidsgrupper

På bakgrunn av dette føreslår prosjektleiaren representasjon for partssamansette arbeidsgrupper fortløpande. Han føreslår også frikjøp for eín representant frå Akademikerne og eín representant frå YS (Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund) for kommunane Sund Fjell og Øygarden i 20 prosent stilling fram til utgangen av 2019.

Tekst og foto: Vigleik Brekke