Partssamansett utval tilrår godkjenning av overordna administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) rår til at den overordna administrative organiseringa  i Nye Øygarden kommune vert samansett av rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. PSU behandla denne saka på møtet i dag.  Saka vert endeleg avgjort i fellesnemnda den 18. juni.

Børge Haugetun, (i midten) har overteke leiarvervet i fellesnemnda og partssamansett utval. På biletet ser du også Kari-Anne Landro, Rune Lid og Marianne Sandahl Bjorøy.

Dei to støttefunksjonane er tilrådd leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering og kommunalsjef for økonomi. Fase 2, som handlar om resten av organisasjon og leiinga, vert behandla seinare.

På drøftinga i PSU i dag kom det fram at det mellom anna er nyansar i synet på kor mange kommunalsjefar nivå 1 skal ha. Nokre tillitsvalde opna for å ha seks kommunalsjefar. Tom Georg Indrevik (H) presenterte eit forslag med tre kommunalsjefar. Hans forslag følgjer saka som ein protokolltilførsel.

Etter planen skal rådmannen for den nye kommunen vera på plass til 1. januar 2019. Prosjektrådmann Rune Lid opplyste at tilsetjing av kommunalsjefar vert gjennomført i løpet av august. Når kommunalesjefane er tilsette, får desse særskild ansvar som delprosjektleiarar.

Drøfta eigarskapsmodellar

PSU drøfta sluttrapporten frå utval for eigarskapsmodellar og tok innspela frå partane til orientering. Saka vert avgjort i fellesnemnda den 18. juni.

I rapporten, som er utarbeidd av utval for eigarskapsmodellar, er det mellom anna føreslått å etablera eit eige eigedomsselskap for kommunale næringseigedomar (aksjeselskap), nærings- og utviklingsselskap som aksjeselskap og eigedomsforvaltninga som kommunalt føretak (KF) eller kommunal eining (KE).  Det er også føreslått å fusjonera Sund vatn og avlaup AS med FjellVAR AS til det nytt selskap med namnet ØyVA(R) AS. Prosjektrådmannen går inn for at både forvaltninga av kommunale næringseigedomar og kommunale eigedomar vert organiserte i kommunal eining (KE). Han føreslår også at Øygarden brann og redning (ØBR) vert organisert som ei kommunal eining.

Drøftinga i PSU i dag viser at det er ulike syn på korleis ein del av dei kommunale tenestene i den nye kommunen skal organiserast. Fleire som tok ordet, var tydelege på at den nye kommunen burde vidareføra eigarskapen og samarbeidet med Trigger AS. PSU samla seg om at det ikkje skulle gjevast innstilling i saka, men ta ho til orientering.

Representantane for dei tilsette leverte inn ein protokolltilførsel som vart lagt ved saka.

Representantane frå organisasjonane til dei tilsette gav uttrykk for at organisasjonane ikkje har vore involverte i arbeidet med eigarskapsmodellar. I eit protokolltilførsel skriv dei at organisasjonane ikkje har fått medverknad i denne omorganiseringa og krev prosess og drøftingar for å kunna ta i vare rettane til dei tilsette.

– Vi er ikkje informert om kva som er konsekvensen for tilsette innanfor eksempelvis reinhald, drift, vaktmeister, vedlikehald og transport dersom tenestene vert overførte til eit KF (kommunalt føretak), heiter det i protokolltilførselen der det vert vist til hovudavtalen.

Også Tom Georg Indrevik (H) leverte inn eit forslag som ikkje vart røysta over. Forslaget vart lagt ved saka som protokolltilførsel.

Børge Haugetun overtok som leiar av fellesnemnda den 1. juni, og møtet i PSU var det første han leia etter at han overtok som leiar etter Kari-Anne Landro.

– Dette er eit velfungerande utval. Eg opplever at trepartssamarbeidet mellom politikarar, tillitsvalde og administrasjon fungerer godt i PSU, seier Haugetun.

Tekst og foto: Vigleik Brekke