Partssamansett utval tilrår forsikra løysing i KLP

Partssamansett utval (PSU) behandla  i dag spørsmålet om framtidig pensjonsleverandør for dei tilsette i den nye kommunen. PSU gjekk samla inn for innstillinga frå prosjektrådmannen om forsikra løysing i KLP. Fellesnemnda avgjer saka måndag den 17. desember.

Hovudtillitsvald for Fagforbundet i Sund, Hildegunn Høyland (til høgre) argumenterte for forsikra løysing (KLP). Frå venstre ser du elles; Anne Grethe Andersen (hovudtillitsvald Delta), Solveig Rong (hovutillitsvald Fagforbundet) og Cathrine Olsen (hovudtillitsvald Utdanningsforbundet).

Valet står mellom eigen pensjonskasse, slik Fjell kommune har med Fjell kommunale pensjonskasse, eller forsikra løysing (i praksis KLP, Kommunal Landspensjonskasse).

Sjølv om PSU innstilte på forsikra løysing i KLP kom det fram ulike syn på framtidig pensjonsløysing då saka stod på sakskartet i dag. PSU er samansett av ni politikarar frå fellesnemnda og seks representantar frå dei tillitsvalde. Dei tillitsvalde gav uttrykk for at dei støttar ei forsikra løysing i KLP. Nokre av dei politisk valde representantane gjorde det klart at dei er opne for begge løysingane når saka kjem til endeleg behandling i fellesnemnda.

Det er gjennomført ein omfattande prosess fram mot den endelege avgjerda om pensjonsløysing. Forsikringsmeklarføretaket AON Norge har på oppdrag frå prosjektrådmann utarbeidd ein rapport med framlegg til kva løysing for val av pensjonsleverandør som er best for den nye kommunen.

AON konkluderer med at slik saka står, heller analysen samla sett i retning av ei framleis løysing med eigen pensjonskasse. Dei økonomiske fordelane med ei kasseløysing framfor ei forsikra løysing står fram som moderate i eit fem til ti-års perspektiv.

– Ein beskjeden premiefordel kan fort etast opp av ein ulempe med høgare administrasjonskostnader, skriv forsikringsmeklarføretaket i samandraget i rapporten.

Leiar av PSU, Børge Haugetun, gjorde på møtet i dag ikkje kjent kva han vil røysta for når saka kjem opp til endeleg behandling.

– I dag var eg først og fremst i eit lyttemodus. Det er viktig å lytta til kva organisasjonane meiner. I PSU er det viktig at partane får koma sine innspel. Den endeleg politiske avgjerda vert teken i fellesnemnda, seier Haugetun.

Tekst og foto: Vigleik Brekke