Øygarden bustadutvikling har tilsett dagleg leiar

Nina Glesnes er tilsett som dagleg leiar i Øygarden bustadutvikling KF. Glesnes er 57 år gamal og bur på Glesvær i Sund.

Leiar i styret for Øygarden bustadutvikling KF, Kari-Anne Landro, seier at det vart gjennomført ei intern utlysing i dei tre kommunane.

– Det kom inn fleire gode søkjarar. Etter gjennomføring av intervju og ei grundig vurdering, fekk Nina Glesnes tilbod om stillinga. Ho har takka ja, og interimstyret er glad for at vi har nådd ein viktig milepæl i arbeidet, seier Landro.

Interimstyret har saman med to representantar frå dei hovudtillitsvalde (Fagforbundet og Delta) utgjort tilsetjingsutvalet. Styret har i tillegg hatt god støtte frå ein personalressurs frå Fjell kommune.

Landro opplyser at interimstyret no vil saman med dagleg leiar jobba vidare med dei andre punkta som vi er beden om å få på plass i mandatet som vart gitt frå fellesnemnda i juni 2019.