Ordførarane tek beina fatt på opningsfestdagen

Ordførar for den nye kommunen, Tom Georg Indrevik, har fått med seg ordførarane i dei tre kommunane i vest og stiller opp i idrettsklede på sjølvaste opningsfestdagen laurdag 4. januar. Om føremiddagen handlar det om Nøkkelløpet der fire ordførarar deltek saman med kommunedirektør Rune Lid som stafettlag.

Tom Georg Indrevik ber folk stilla opp på Nøkkelløpet den 4. januar

Ved å satsa på stafett snik dei seg på sett og vis unna ei litt meir krevjande oppgåve om dei skulle delteke på individuelt løp på fem kilometer kvar. No deler dei halvmila seg imellom og spring eín kilometer kvar. No vil dei så gjerne at mange andre stiller opp til ei uhøgtidleg tevling og idrettsfellesskap på opningsfestdagen.

Det skjer mykje denne dagen. Det heile startar med aktivitetar inne frå klokka 10. Klokka 10.30 er det invitert til Nøkkelløp ute der ein kan velja mellom å springa fem kilometer åleine eller stilla med stafettlag med fem deltakarar og springa eín kilometer kvar.

Dei tre ordførarane stiller ikkje med sykkel denne gongen, men tek på seg joggeskoa og deltek i stafett ved Sotra Arena på den første laurdagen i januar. Frå venstre; Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden).

Stine Sanden er  dagleg leiar i Fjell frivilligsentral og har eit koordineringsansvar for aktivtetane både inne i Sotra Arena og ute.

– Eg håpar folk tek oppmodinga frå ordførarane på alvor og stiller opp på løpet. Deltakarane kan henta startnummer på Fjell folkeboksamling på Sartor Storsenter torsdag 2. og fredag 3. januar. På sjølve løpsdagen kan folk henta startnummer i Sotra Arena mellom klokka 09.00 og 10.00. Hugs at alle som deltek får medalje, seier Stine Sanden.

Stine Sanden

Det kostar 100 kroner for å delta som enkeltløpar under 16 år og 200 kroner for dei over 16 år. Prisen for å delta i «Bedriftsstafetten» er 800 kroner.

Her kan du melda deg på.

Du finn meir informsjon på Facebook.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen og Vigleik Brekke