Ordførarane fekk prisen Årets fyrtårn

Dei vart nok tekne litt på senga, dei tre ordførarane i vest, då dei fredag kveld på årsfesten til Vest Næringsråd fekk tildelt prisen Årets fyrtårn 2019. Straume Mesterbygg vart Årets bedrift 2019. Årsfesten var avslutning på ein lang dag på Øygardenkonferansen.

Her står tre fyrtårn. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, Børge Haugetun og Kari-Anne Landro.

Ordførarane legg vekt på det gode samarbeidet dei har hatt i dei åra dei har arbeidd med å byggja den nye kommunen. Sund-ordførar Kari-Anne Landro leitar litt etter ord når vi bad henne kommentera prisen.

– Fire års arbeid rulla framfor meg på ein augneblink. Sterke kjensler kom fram, eg vart kort og godt sett ut, seier Landro.

Det var Øystein Bredholt som fekk æra av å lesa opp grunngjevinga for kven som skulle få prisen Årets fyrtårn. Han starta med å gå litt rundt grauten og snakka om at vinnarane av ein slik pris skal bidra positivt til lokalsamfunnet.

– Og det har dei innfridd med bravur, sa Bredholt.

Ordførar i Øygarden Børge Haugetun er stolt og audmjuk over å ha fått denne prisen.

– Eg ser på det som ei æra å ta imot ein tungtvegande pris som dette. Her får eg stå mellom to dyktige kvinner og få vera ein del av eit slikt fellesskap. Det er tydeleg at næringslivet set pris på at vi ønskjer å vera ein næringsvennleg kommune, seier Haugetun.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy vart teken på senga.

– Eg hadde ingen aning om at dette skulle skje. Dei er nokre luringar dei som har sått bak dette. Uansett er det stas å få ein slik pris frå næringslivet, seier ho.

Straume Mesterbygg vart Årets bedrift

Også mottakarane var prisen Årets bedrift var synleg stolte då dei vart kalla opp på podiet for å få tildelt prisen. Det var dagleg leiar Marianne Furheim og gründeren, nå fagleg leiar, Inge Straume, som tok imot prisen på vegner av bedrifta.

Marianne Furheim og Inge Straume.

Marianne Sandahl Bjorøy delte ut prisen. Med seg i juryen hadde ho styreleiar i Vest Næringsråd, Carsten Andersen, og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang.

– Verksemda vart stifta på Sotra tidleg på 2000-talet som gründerbedrift. Det første driftsåret klarte dei å omsetja for tre millionar kroner, men overskot vart det ikkje. År to, derimot og alle år deretter, har omsetnaden auka jamt og trutt. Det har vorte leveransar til både private , kommunar og næringsliv. Ikkje minst kan renommeet til selskapet etter kvart kallast solid. Bedrifta er oppteken av å verta eit miljøfyrtårn i bransjen sin, sa ordføraren då ho grunngav kvifor Straume Mesterbygg skulle få prisen.

Straume Mesterbygg har no 45 tilsette og er knytt opp mot Systemhus. Bedrifta har to gonger fått prisen Årets bedrift i Systemhus.

– Dette er ei stor anerkjenning. Vi har hatt mange tømraroppdrag for kommunane her vest. Døme på oppdrag er Spildepollen skule, Skogsvåg, siste byggjetrinn på Sund ungdomsskule, Tjeldstø skule, Knappskog skule og ombygging av Liljevatnet skule til barnehage. Vi har også hatt andre kommunale oppdrag i tillegg til eigne prosjekt, seier dagleg leiar Marianne Furheim.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå prisutdelinga og årsfesten: