Opprettar arbeidsutval for sentrumsplan

Utval for plan vedtok på møtet torsdag å oppretta eit arbeidsutval som skal vidareføra arbeidet med sentrumsplanen i Skogsskiftet.

Frå møtet i utval for plan på torsdag.

Leiar i utvalet, Svein Otto Jacobsen (Frp) seier at Statens vegvesten har kome med motsegn til planen, medan Fylkesmannen har kome med merknader. Fylkesmannen har invitert til dialogmøte om planen, og utvalet vedtok å oppretta ei arbeidsgruppe på fem medlemer som saman med adminstrasjonen følgjer opp dialogen med Fylkesmannen. Det vert lagt opp til møte med Fylkesmannen tidleg i januar.

– Arbeidsutvalet skal arbeida vidare med det arbeidet som allereie er gjort i Sund. Eg håpar at planen kan vedtakast innan første halvår 2020, seier Jacobsen.

Arbeidsutvalet vert samansett av Svein Otto Jacobsen, Michael Sangolt (H), Drude Herdlevær (H), Åse Gunn Husebø (Ap) og Leif Fjellro (Folkeaksjonen mot bompengar).

Utval for plan hadde også budsjettet for 2020 (gebyr og brukarbetaling), årsbudsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020-2023 til behandling Det var ei generell drøfting av budsjettframlegga. Sakene vart tekne til orientering.

Tekst og foto: Vigleik Brekke