Ønskjer felles NAV-kontor


 

Fylkesdirektør i NAV Hordaland har i brev bedd om at det så raskt som mogleg vert starta eit prosjekt med sikte på å slå saman dei tre NAV-kontora i regionen. Til møtet i fellesnemnda den 19. februar ligg det føre forslag om å gje prosjektleiar og dei tre rådmennene i oppgåve å utarbeida eit mandat for dette arbeidet.

I utgreiinga viser prosjektleiar til intensjonsavtalen der det vert lagt vekt på prinsippa om nærtenester og publikumsretta tenester. Det er peika på å sjå dette i lys av funksjonar som bibliotek, publikumsretta del av NAV, servicekontor og tenestekontor.

I framlegget til vedtak heiter det at mandatet skal inkludera prosess, milepelar og tidsplan for eit framtidig NAV-kontor i Nye Øygarden kommune. Utkastet til mandatet vert presentert på møtet i fellesnemnda i april.

Nytt gebyrreglement for tekniske tenester

Prosjektleiar føreslår at det vert sett ned ei arbeidsgruppe på ein til to medarbeidarar frå dei tre kommunane som får i oppgåve å etablera gruppa i samråd med rådmennene. I innstillinga heiter det at arbeidsgruppa skal utarbeida framlegg til nytt reglement og nye takstar for dei tekniske tenestene i Nye Øygarden kommune. Framlegget skal i utgangspunktet ha gjeldande reglement- og takstsystem i dei tre kommunane som referanse.

Andre saker i fellesnemnda den 19. februar

  • Oppdatert milepelsplan
  • IKT og infrastruktur, statusrapport for samordna løysingar og system
  • Endring av adressenamn, oppnemning av referansegruppe

Møtet vert halde i lokala til Nye Øygarden kommune på Skjenet 2 på Straume. Møtet tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke