Ønskjer dialog om to tomtealternativ for ny vidaregåande skule 

Etter ein lang debatt på fellesnemnda i dag om lokalisering av ny vidaregåande skule på Straume/Bildøyna, samla politikarane seg om to aktuelle tomtealternativ i fråsegna som vert oversendt til Hordaland fylkeskommune. I fråsegna heiter det at både Bildøytangen (tomt 41) og  Stovevatnet (tomt 45, sør for Fjell rådhus) peikar seg ut, og fellesnemnda ønskjer å gå i vidare dialog med Hordaland fylkeskommune om desse alternativa.

Fylkestinget har vedteke at det skal etablerast ny skule i kollektivknutepunktet Straume/Bildøyna i 2024. Biletet viser Sotra vidaregåande skule, Bildøyna

Etter planen skal fylkestinget i oktober i år avgjera kvar den nye skulen skal plasserast. I debatten i dag kom det klart fram at fellesnemnda er delt i synet på kvar den nye skulen bør lokaliserast. Nokre tok til orde for Bildetangen, medan andre meinte Stovevatnet var det beste alternativet. Fellesnemnda samla seg altså om å gå i dialog med fylket om begge alternativa. Det vert også presisert at omsynet til elevane må setjast først ved val av ny tomt.

– Sotra vidaregåande Skule, Bildøyna, har i dag gamle og på dei fleste område utdaterte lokale.  Det er difor avgjerande at tomteval ikkje påverkar framdrifta, heiter det i vedtaket. Forslaget vart fremja av Kari Anne Landro.

Formelt er det Fjell kommune som er forhandlingspart fram til den nye kommunen er etablert frå 2020. For tomt 41 (Bildetangen) er det ein føresetnad at tomta vert overført til kommunal eige dersom dette vert den aktuelle tomta.

Dei to aktuelle tomtealternativa fellesnemnda vil ha dialog med fylkeskommunen om, er Stovevatnet (til venstre) og Bildetangen (skissse Norconsult)

Godkjende overordna administrativ organisering

Fellesnemnda godkjende framlegget til overordna administrativ organisering for Nye Øygarden kommune (frå januar 2020).

Den overordna administrative leiinga vert samansett av rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. Dei to støttefunksjonane er tilrådd leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering og kommunalsjef for økonomi. Fase 2, som handlar om resten av organisasjon og leiinga, vert behandla seinare.

Etter forslag frå Tom Georg Indrevik vart det også vedteke å leggja til nokre ekstrapunkt med formuleringar om at utgreiinga mellom anna tek eit tydelegare utgangspunkt i behova hjå tenestemottakarane. Organiseringa må byggja på klare ansvarsforhold, utvikling, samhandling og administrativt samarbeid. Det vert også bedt om å vurdera namna på tenesteområda for kommunalsjefane på nytt.

Politisk organisering

Fellesnemnda vedtok å leggja sluttrapport frå utval for politisk organisering til grunn for den politiske organiseringa av Nye Øygarden kommune. Det inneber at fellesnemnda sluttar seg til ein modell med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Namna på dei to hovudutvala er hovudutval for miljø og stadutvikling og hovudutval for tenester og levekår. Eit mindretal på tre medlemer i fellesnemnda (Frp og Sotralista) røysta for ein modell med fire hovudutval.

Fellesnemnda slutta seg til eit framlegg frå Kari Anne Landro om å be utvalet for politisk organisering om å skissera opp modellar for korleis ein modell med oppgåveutval kan byggjast opp for Nye Øygarden kommune og leggja fram ei skisse innan utgangen av 2018. I vedtaket vert det vist til Gentofte kommune i Danmark som har innført ein modell med oppgåveutval for å utvikla lokaldemokratiet og få innbyggjarar og brukargrupper tettare på dei politiske prosessane og for å sikra auka medverknad.

Delt syn på eigarskapsmodellar

Fellesnemnda slutta seg til ei rekkje tiltak og forslag i rapporten for eigarskapsmodellar. Likevel viste debatten og avrøystinga at det er politiske skiljelinjer i denne saka.

Det er semje om fusjonera Sund vatn og avlaup med FjellVAR. Selskapet får namnet ØyVA(R) og skal vera operativt frå januar 2020. Det skal vurderast om renovasjonstenestene skal leggjast til dette selskapet. Med ni mot sju røyster vart det vedteke å utgreia eit alternativ med etablering av eige næringsutviklingsselskap (Øygarden næring og utvikling AS) og eige eigedomsselskap for kommunale næringseigedomar (Øygarden næringseigedom AS).

Fellesnemnda vedtok samrøystes at utleigebustader vert organiserte som eit kommunalt føretak (KF). Etter at den nye kommunen er etablert, skal ein koma tilbake til om andre kommunale bygg og eigedomar skal organiserast under dette føretaket. Den siste formuleringa vart vedteken mot fire røyster (Ap).

Fellesnemnda vedtok samrøystes at Øygarden brann og redning (ØBR) skal organiserast som kommunalt føretak. Det er også semje om å vidareføra samarbeidet og eigarskapet i Trigger Jobb AS og medlemskapen i «Sunne kommunar». Spørsmålet om medlemskap i Vest-Norges Brüsselkontor frå 2020 vert avgjort i samband med behandlinga av budsjettet for 2020.

Frå møtet i fellesnemnda i dag.

Vedtok å endra 64 adressenamn og lokale retningslinjer

Fellesnemnda vedtok å endra adressenamn i Nye Øygarden. Bakgrunnen for dette er at samanslåing av kommunar normalt fører til at det må gjennomførast endringar eller tilpassingar i nokre adressenamn. Den viktigaste grunngjevinga på kvifor dette må gjennomførast er naudetatane sine behov for å ha presise og eintydige adresser. Totalt skal 64 adressenamn endrast. I neste fase statar arbeidet med å tildela adressenamn på vegane som må endra namn. Då vert lag, organisasjonar og grunneigarar inviterte til å koma med innspel og forslag.
Fellesnemnda vedtok også lokale retningslinjer for endringar av adressenamn. Les meir her.

Arbeider med å tilsetja rådmann

Skisse til kvalifikasjonar og framdriftsplan for rekruttering av for rådmann for Nye Øygarden kommune vart godkjent. I april vedtok fellesnemnda at tilsetjingsutvalet skal vera samansett av dei tre ordførarane, Odd Bjarne Skogestad (KrF) og tre tillitsvalde.

Marknadsføring for arbeidet med lokaldemokrati og identitet

Det vart vedteke å løyva 260 tusen kroner til marknadsføring, profilering og kommunikasjon for 2018 i samband med arbeidet til arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet. Det vart også vedteke at kommunikasjonsplan til arbeidsgruppa, internt og eksternt, skal integrerast i den overordna kommunikasjonsplanen til fellesnemnda. Prosjektmidlar til MOT-festival 2019 vert sett av på budsjettet for neste år med ein fordelingsnøkkel mellom fellesnemnda og kommunane i Nye Øygarden kommune.

Løyver pengar til kunnskapsprosjekt

Fellesnemnda vedtok å løyva 200 tusen kroner (eks. mva.) til prosjektet «Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune».  Dette prosjektet omfattar ein formell samhandlingsmodell der den nye vidaregåande skulen i distriktet vert integrert i dette prosjektet. Det er regionrådet Vest som er prosjekteigar, medan Gode Sirklar AS er prosjektansvarleg.

Delegering til prosjektrådmann og administrative tilsetjingsutval

Fellesnemnda vedtok at tilsetjingsutvalet, som fellesnemnda har peika ut for å tilsetja ny rådmann, også får mynde til å tilsetja Rune Lid i aktuell kommunalsjefstilling. Vedtaket inneber også at prosjektrådmann Rune Lid får delegering slik det går fram av saka. Prosjektrådmannen og rådmennene får delegert mynde til å etablera administrative tilsetjingsutval.

Sjå opptak frå møtet den 18. juni her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke